Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fortvila foreldre-front mot færre rektorar

Del | |
LINDÅS: Det er ei hån å kalla rektorar for papirflyttarar det er for mange av i kommunen, var ein av kommentarane frå fortvila foreldre. Etter to timars hudfletting måndag kveld, bad dei folkevalde i Lindås foreldra gå inn i politikken og gjera det betre sjølv. Bente Fimland, mor til born ved Myking skule og lærar ved Skodvin skule, var blant dei som såg grunn til å fillerista politikarane. ? De vil jo ikkje høyra på nokon, sa ho.
Publisert 06.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me har ungar sjølv og gjer dette til beste for innbyggjarane! kom det nesten fortvila frå Bjarte Vatnøy (Frp). Etter å ha måtta tola nær to og ein halv time med kritikk frå foreldre som fortvilar over færre rektorar, oppmoda både han og andre folkevalde, foreldre og lærarar om å gå inn i politikken og prøva å gjera det betre.
Salvane frå ein bortimot full gymsal på barneskulen i Knarvik var mange. Ikkje berre foreldre frå småskulane nytta sjansen til å blåsa ut. Blant dei som fyrte av dei kraftigaste salvane, var foreldre frå Knarvik og fleire lærarar.
Mange foreldre og lærarar/foreldre tok ordet og bad politikarane stoppa omorganiseringa som kommunen sin nye rådmann set i verk midt i skuleåret.
Sterkast var reaksjonane på at Søvik reduserer talet på rektorar frå 14 til seks. Før salen slapp til, hadde FAU-leiar Erlend Kleiveland frå Myking skule orientert om Fylkesmannen sine brev og innvendingar. Her vart trekt fram formuleringar som gjorde både Kleiveland og mange i salen urolege.

Ei hån
? Eg er nyinnflyttar med ein son på Leiknes skule. Korleis i all verda skal skulen verta utan ein rektor til stades heile tida? Eg fattar ikkje korleis dette kan gå an! sa Jane Molvik, ei av dei mange som fekk spontan applaus.
? Tidlegare har det vore ramaskrik ved kutt innan heimehjelpA og undervisning. No vil me ikkje la det gå ut over brukaranme, repliserte Torunn Gamst (H). Med nordlendingens frisk språkbruk hevda ho  at «det er for mange i kommunen som sit og flyttar papir».
Det fekk blant anna Hege Brekke til å tenna på fleire pluggar.
? Er ikkje dette eit løftebrot av Ap? Og til Gamst vil eg seia: Det er ei hån å kalla gode rektorar i Lindås for papirflyttar! raste Brekke, som fekk spontan applaus frå salen.
? Gamst meinte nok ikkje det bokstaveleg! sa ordførar Tove Linnea Brandvik (Ap). Gamst sa at ho stod fast på at det adminsitrative nivået i Lindås må reduserast, utan å peika på nokon bestemt.
? Eg er dotter av ein som har vore rektor og veit kor mykje arbeid det er. Det er blant anna å ta hand om elevar som det ikkje går så bra med. Me foreldre er kort og god bekymra for korleis det skal gå med borna våre med færre einingsleiarar, sa Hege Brekke.

Ikkje åleine
? Det kan sikkert vera noko å henta økonomisk innan skulane. Men no er heile strukturen snudd på hovudet på to månader. Ein bør ta seg meir tid, sa Øivind Eikefet. Han undra seg på kor innsparinga skal vera når ein i tillegg til rektorane skal få assisterande rektorar.
Svaret frå politikarane var at dei på litt sikt ville spara 2,8 millionar kroner på omorganiserinag i skulane.
? Det er 2,8 millionar kroner i dårlegare kvalitet. I 2008 seier de kanskje at dette kosta meir enn me trudde. De bør heller snu i tide og skaffa 2,8 millionar ekstra, sa foreldre Knut Ole Treland. Ein i salen undra seg på kva som skjer med elevar som har gjort noko gale. Skal dei venta i soningskø til rektorane dukkar opp?
? Vil politikarane bryta opplæringslova for å spara pengar? undrast Rune Haaland, med born på skulen i Knarvik.
Ein av mange lærar som hadde ordet, Margunn Dale Skauge, minna om at Lindås for 14 år sidan la ned tre skular med ei røyst i overvekt i kommunestyret. Fleire andre uttalte seg på ein måte som avdekka frykt for at politikarane vil bryta løftet om å behalda dagens skular.

Sagt frå salen:

Før var det ein person elevane hadde respekt for, og det var rektoren. Når elevane gjer noko gale no, skal dei då stilla i soningskø til rektoren dukkar opp?
Mann i salen

Ingen rådmann er sterkare enn politikarane gjer han.
Håvard Giezendanner.

Eg skjønar ikkje så mykje av denne prosessen. Den har gått altfor fort.
Aina Bergås, FAU ved Festo skule

Med det opplegget rådmannen legg opp til, ville eg tenkt på å koma meg over i ein annan kommunen dersom eg var lærar. No får me berre nomaderektorar som vert å treffa på mobiltelefon. Knarvik ungdomsskule hadde nettopp fått ein ny flott rektor att. Så skal han slutta.
Øyvind Eikefet

Me hadde venta oss ei saksførebuing og ei politisk avgjerd. I slike posessar er det uvanleg å overlata avgjerda til administrasjonen, har utdanningsdirektøren påpeika.
Erlend Kleiveland,
FAU Myking skule

Politikarane i Lindås snur seg og går baklengs inn i framtida.
Johan Nepstad

Etter nedlegging av tre skular i 1992, var det ingen politikarar som kom etterpå og spurde «Korleis går det med dykk no?». Det skuffa enormt!
Margunn Dale Skauge, lærar

Me verneombod har vorte sjokkerte. Men me kan ikkje la det stå uimotsagt at Lindås får ein dårlegare skule.
Håvard Giezendanner




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt