Fortvilande ruteknusing
Endret 20.08.07 10:49
Dei eig gamleskulen og har lagt svært mykje tid og pengar i å setja det 117 år gamle bygget i stand. Dei har arbeidd med å laga veggar, bytta tak, skifta ruter og gjera bygget mest muleg identisk med slik det var då det vart oppført.
- Me trur bygdefolket set pris på at me tar vare på bygget, så det er veldig synd at slikt skjer, seier Fyllingsnes fortvila.
Ukjende gjerningsmenn
Sidan 17.mai i fjor har heile ti ruter blitt knuste på det gamle skulebygget.
- Me skifta fleire ruter i vinter, og no har nokon altså vore på ferde igjen.
Det må ha skjedd i førre veke, seier Fyllingsnes. Å skifta vindauge er den verste jobben i følgje eigarane. I og med at dei prøver å bevara det originale, vil dei ikkje bytta ut vindauga heilt, og har brukt mykje tid på tilpassa delar til originalvindauga.
Dei anar ikkje kven som kan stå bak ugjerningane, men trur kanskje det må vera barnestrekar frå ungar i nærmiljøet.
- Dei veit kanskje ikkje at det er i privat eige, og at det er mykje jobb med å halda i stand, seier Danielsen.
Føl med
Huset har fått stå i fred i 13 år, utan noko form for hærverk. Det er først det siste året at eigarane har måtta slita med øydeleggingane.
Dei reknar med at verdiar for over 10.000 kroner er øydelagde.
- Me vil gjerne at foreldra føl med borna sine, og at folk gjev melding dersom dei ser noko. Aller mest ønskjer me at det ikkje skjer igjen, sjølvsagt, seier dei.
Bygget vart brukt som skulehus fram til 1952 og som sløydsal til slutten av 60-talet. No er huset privateigd, og har ikkje vore aktivt i bruk dei siste åra. Men om somrane har det fungert både som galleri og som undervisningsrom. Neste veke skal Gro stilla ut sine eigne ikon der.
- Me kjem til å vera her ein del i sommar, og håpar nesten me er her om det skjer igjen, seier dei.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




