Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fortvilar over nei til kunstgras

Del | |
LINDÅS: Ny kunstgrasbane i Knarvik ligg tynt an etter negativ innstilling frå administrasjonen i Lindås kommune og i levekårsutvalet tysdag. Dagleg leiar Tore Kvalheim fortvilar, ettersom klubben tilbyr seg å ta heile kostnaden.
Publisert 10.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Saka handlar om å byggja om grusbana i Knarvik til kunstgras, eit prosjekt til mellom 4,5 og 5 millionar kroner. NBK tilbyr seg å betala ein million kroner i kontantar og låna resten av beløpet. Mykje av dette vil dei på sikt få tilbake som tippemidlar. Det einaste klubben treng i følgje NBK-leiar Tore Kvalvik, er løyve frå baneeigaren Lindås kommune og at kommunen står som utbyggjar.

? Står kommunen som utbyggjar får ein refundert momsen. Det får ikkje NBK, og dermed vert prosjektet dyrare dersom klubben står som utbyggjar, seier Kvalvik.

 

Negativt i kommunen

Rådmannen kom med negativ innstilling til prosjektet, og levekårsutvalet støtta rådmannen i dette på eit møte tysdag. NBK skriv at dei 100.000 kronene kommunen betalar for leige av lokale i klubbhuset til NBK, er nok til å dekka lånet klubben må ta opp i samband med utbygginga. Kommunen viser til at denne inntekta er avhengig av at kommunen held fram dette leigeforholdet utover avtala tid ? altså at inntekta er usikker. Dei velgjer difor å sjå på denne utbygginga som «eit kommunalt tiltak med ei viss mogleg ekstern medfinansiering». Dette vil då gå utover den økonomiske ramma kommunen arbeider innanfor dei nærmaste åra, meiner rådmannen.

Levekårsutvalet kjem med råd overfor formannskapet som har saka oppe i dag. Formannskapet kjem så med innstilling til kommunestyret.

 

Skuffa over kommunen

? Me er ikkje avhengige av dei 100.000 kronene for å dekka lånet. Det er berre påpeikt i vårt innspel. Eg hadde håpt på at kommunen var meir villig til å gå inn i ein skikkeleg dialog med oss på førehand, før dei kom med denne negative konklusjonen, seier Kvalvik.

Han føler at kommunen sin tillit til klubben er liten, sidan dei ikkje har tru på at dei skal kunna klara sine plikter i høve lånet på bana. NBK har likevel ikkje gjeve opp. Kvalvik seier at dei har vore i kontakt med politikarar som har vore positive til dette prosjektet. Han håpar at formannskapet kjem til ein annan konklusjon på møtet i dag, torsdag.

 

Prekært for klubben

Banetilhøva i NBK vert i følgje Kvalvik heilt prekære neste år, dersom dei ikkje får kunstgrasbana på plass. I årets sesong har dei måtta leiga seg inn på baner i Meland og på Osteriedet. I år har situasjonen vore ekstra ille sidan grasbana har vore i så dårleg stand på grunn av veret og dårleg vedlikehald. Frustrasjonen har difor vore stor i klubben. Dersom ein ikkje får på plass den planlagde kunstgrasbana til sesongstart, må NBK gå til Fotballforbundet og be om hjelp, seier Kvalvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt