Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fossemyra vert drenert

Del | |
MELAND: Vatnet på Fossemyra skal leiast vekk gjennom eit metertjukt røyr. Dermed er det truleg slutt på at fotballbanene vert badebasseng når det regnar. 
Av
Publisert 23.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Formannskapet vedtok onsdag 22. februar å forskottera 221.000 kroner til drenering av idrettsanlegget. Dermed kan det leggjast eit nytt røyr på kring seksti meters lengde i jorda.

? Me forskotterer, men det er rett og rimeleg at partane delar på kostnaden, seier Meland-ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.

Det inneber at kommunen vil ha Kvernbit IL med på spleiselag. Idrettslaget er ansvarleg for fotballbanene, og er dessutan sentral i fleirbrukshallen der. Også Statens vegvesen, som eig det eksisterande røyret, vert bedne om pengar.

Det siste halvåret har det tre gonger flauma over på idrettsbanene på Fossemyra. Når det regnar kraftig, er dreneringa underdimensjonert. Dagens røyr har ein diameter på åtti centimeter heilt øvst, og seksti centimeter resten av vegen. Det nye røyret vert ein meter i diameter. Slik håpar ein å unngå flaum som kan skada kunstgraset.

Meteorologane ventar seg fleire periodar med ekstremt regnver i åra som kjem. Men nytt dreneringsrøyr skal kunna ta unna store mengder regn på Fossemyra.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt