Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fotballsommar for Matias

Del | |
LINDÅS: Matias Møvik (16) spelar i Eikanger sine oransje fargar til vanleg, men førre veke gjekk han på grasmatta iført Brann-drakt.
Publisert 23.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Sportsklubben Brann tok med seg dei største fotballtalenta i Hordaland til Jet-cup på Hamar førre veke. Med på laget var Matias Møvik frå Stranda.
? Det var heilt greitt å spela i Brann-drakt, seier Møvik, som har tilbod om å byrja i Brann alt i haust. Han er ikkje heilt sikker på om han vert i Eikanger ut sesongen.
? Eg har tilbod frå Brann og Åsane. Det vert vel å trena med a-laget, og spela kamp med andrelaget om eg vel Brann, seier sekstenåringen.
Førre veke fekk han altså prøva seg med elitejuniorane i Brann, samt ein del talent frå andre lokale bergenslag.

Stor hending
Jet-cup er årets store hending for juniorspelarar i Noreg. Talentspeidarar frå fleire toppklubbar både i Noreg og Europa følgjer med på den tradisjonsrike turneringa for elitejuniorane. I år deltok 24 lag frå sju land i cupen. For Matias og Brann sin del var cupen over litt for tidleg. Dei rauk ut etter at dei fekk tredjeplass i gruppa si.
? Det gjekk sånn passe. Laget gjorde det ikkje så veldig bra. Me spelte uavgjort i plasseringskampen mot Fredrikstad og kom på syttandeplass, seier Møvik.
? Er du nøgd med eigen innsats?
? Ja, det gjekk ganske bra, seier han.
Finalen laurdag vann Rosenborg.

Reiser med landslaget
Det er berre fotball på timeplanen til Matias i sommar. Han har ikkje teke ferie frå spelinga i det heile.
? Eg er i ganske god form sjølv om det er sommarferie, seier han beskjedent.
Det unge talentet merka seg positivt ut på ei landslagssamling i Porsgrunn i juni. No reiser han til Danmark for å spela med det norske flagget på brystet. Fjerdedivisjonsspelaren vart nemleg teken ut til G16 troppen som spelar Nordisk Meisterskap neste veke.
? Eg gledar meg til å reisa, seier den ivrige ungdommen.
Første kampen går måndag 30. juli mot Færøyane. Belgia er motstand tysdag, og torsdag møter Noreg og Matias det danske G16-landslaget. Laurdag 4. august er det plasseringskamp avhengig av kva plass Matias og lagkameratane får i gruppespelet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt