Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Frå Alversund til knarvik

Del | |
LINDÅS: ? Jippi, me vil flytta til Knarvik! sa Linn Merethe, Sandra, Marie og Martin i 7 A i går. Andre har ikkje sans for å avvikla ungdomstrinnet på Alversund, slik formannskapet no vil.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Det er sannsynleg at 8. klassane neste haust skal gå på Knarvik ungdomsskule», kunne Strilen i går fortelja til ein del av dagens sjuandeklassingar ved Alversund skule. ? Jippi! sa enkelte. ? Å, nei! sa andre. Ei avvikling av ungdomstrinnet ved den største skulen i kommunen er uansett den løysinga formannskapet vil gå i gang med. Av seks tilfeldig valde elevar i 7A var det fire som jubla for at det kan verta flytting: Linn Merethe Sætre, Sandra Flatøy, Marie Opedal og Martin Henriksen legg ikkje skjul på at dei svært gjerne byttar skule og startar på Knarvik ungdomsskule frå neste haust.

? Nei, me vil heller gå vidare i Alversund! seier mindretalet på to: Synnøva Takle og Kari Bjørge. Frå «JA-»-leiren vert det å koma i nye klasserom brukt som eitt argument for flytting. Ei av dei som seier nei, har kort veg til skulen i dag og synest det er greitt. ? Er det fleirtal i 7A for å flytta til Knarvik? ? Ja, trur dei seks som Strilen snakka med.

Men i B-klassen høyrest det ut til å vera litt meir skepsis. Lise Clementsen Syslak, Anniken Myking og Vilje Valland Nesse har i alle fall mest lyst til å halda fram på skulen i Alversund.
Då Strilen kontakta rektor Birger Tomasgard like før kl. 10.30 i går, var han ikkje informert om kva formannskapet hadde gått inn for dagen før.

? Det er litt bakvendt at ein skal verta orientert gjennom pressa. Men sidan eg ikkje er orientert, vert det berre dumt å kommetera, seier Tomasgard.
Når Strilen signaliserer at det er dagens 7. klassingar som neste haust kan hamna i Knavik, let rektor det skina gjennom at skulen i Alversund vil ha sans for ei slik løysing på dagens fortvila plassproblem».


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt