Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Frå Austrheim til NBK

Del | |
LINDÅS: Sonny Hæggernes (33) skreiv i går under som ny trenar for NBK sitt a-lag. Han har som mål å få klubben opp i 3. divisjon.
Publisert 12.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? NBK har dei siste åra vore nær ved å klara opprykk. Med si geografiske plassering høyrer klubben etter mi meining heime minst i 3. divisjon, seier Hæggernes.

Når treningane startar for fullt, ser han for seg minst tre økter for veka, kanskje fire. Dette skal avklarast med fotballstyret.

Den nye NBK-trenaren har bak seg tre sesongar som spelande trenar i Austrheim.

? Både frå deira og mi side låg det vel i korta at eg kom til å gje meg. Etter tre år kan det ofte vera naturleg med eit skifte, seier Hæggernes. Som tidlegare NBK-spelar i tre sesongar, kjenner Hæggernes godt til klubben han no går tilbake til. Han har også fått inntrykk av at han stod høgt på ønskjelista som ny trenar.

? Det er jo ein fordel. Me får sjå korleis det fungerer, seier Hæggernes. Han skreiv etter alle solemerke under for eitt år.

Før dei tre sesongane i NBK, spelte Hæggernes tre år i Vadmyra. Før det igjen spelte han 2. divisjon i Danmark.

Hæggernes er oppvaksen i Eivindvik. Seniorkarriera starta som 15-åring i Gulen Fotballklubb, som han også følgde nokre sesongar inn i samarbeidsklubben Duo, som vart danna saman med Masfjord.

? Vert du spelande trenar for NBK?

? Det står att å sjå. Eg kjem til å trena sjølv også, så det vil berre visa seg om eg held mål til ein plass på laget. Sjølv er eg nøydd til å vera i god fysisk form for å spela god fotball. Eg meiner eg held bra mål, men denne siste sesongen i Austrheim har vore nokså variabel for min eigen del.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt