Small i fjellveggen

LINDÅS: Ein mann i slutten av 80-åra køyrde i fjellveggen inne i Litle Urdal-tunnelen onsdag kveld.

[23.05.13 13:52]

Gull til Urhaug i Slovakia

Tommy Urhaug vann torsdag singelklassen i bordtennisturneringa Slovakiske opne. - Ok spel, har mykje å gå på, så må jobba vidare. Likevel, gull er gull, melder Urhaug.

[23.05.13 13:58]

Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]
Brukernavn 
Passord 
Framleis kritisk etter Bjørsvik-ulukka

Framleis kritisk etter Bjørsvik-ulukka

Del | |

Guten er måndag framleis «kritisk skadd» og bestefaren «alvorleg skadd» etter at ein bil hamna i sjøen i Bjørsvik laurdag.

Publisert 02.06.12 12:23
Endret 04.06.12 13:03

Den to år gamle gut fekk livreddande førstehjelp, og bestefaren hans vart kjørt til sjukehus i ambulanse etter den tragiske hendinga.
 
Politiet fekk melding om ulukka i Bjørsvik klokka 10.48 laurdag. Meldinga gjekk ut på ein bil med folk i hadde hamna i sjøen ved kaien.

– Me kjenner ikkje alle detaljane enno, men det er på det reine at guten var åleine i bilen då den begynte å trilla. Guten er  to, snart tre år gamal. Bestefaren sprang etter. Han klarte å riva opp døra før bilen hamna i sjøen og hoppa etter for å prøva å berga guten, men fekk sjølv problem, opplyser Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Han seier til avisa, at folk i nærleiken kom til og fekk bestefaren opp av sjøen.

– Bestefaren var så bevisst at han fekk fortalt at det var ein gut i bilen, seier Vangberg.

Då politiet kom til staden, var lokale folk i gang med å leita etter guten.

– Kort tid etter at politiet var på plass, kom også luftambulansen. Dei hadde med dykkar. Dykkarar fann bilen på rundt 7 meters djup. Den var tom. Guten vart funnen ei stund seinare av ein båt frå brannvernet, opplyser Vangberg.

Politiet frykta ei stund at også guten si 6 år gamle søster var i bilen, men det viste seg heldigvis å ikkje vera tilfelle. Ho var trygt på land og i god behald.

Politiet rosar dei som kom først til ulukkesstaden for innsatsen
– Dei lokale som kom til gjorde ein god jobb, seier Vangberg.

Laurdag ettermiddag seier politiet at dei trur at det er guten sjølv som har klart å få start på bilen.

I 15-tida hadde Haukeland universitetssjukeus framleis ikkje sendt ut pressemelding om tilstanden til dei to, men lensmann Einar Vatne seier til bt.no at han har vore i kontakt med sjukehuset. Rapporten frå sjukehuset var då at guten var i live, men at tilstanden er kritisk.

Søndag var meldinga til media at både bestefaren og guten ligg i kunstig koma på sjukehuset. Tilstaden til guten skal framleis vera kritisk. Tilstanden til bestefaren på 69 år skal vera noko betre, men alvorleg.

I ei presseoppdatering måndag 4. juni er tilstanden uendra:; Guten er «kritisk skadd» og bestefaren «alvorleg skadd».

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Oljesøl i Knarvik

Oljesøl i Knarvik

LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag. 

    Avtale kan vera berga

    Avtale kan vera berga

    GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.

      Fortvilar over krav

      Fortvilar over krav

      LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?

        Topp pinsefest for femti

        Topp pinsefest for femti

        LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.

          - Ikkje la oss betala rekninga!

          - Ikkje la oss betala rekninga!

          MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine. Seinare på dag gjekk eit fleirtal i formannskapet inn for at kommunen må innhenta anbod på delar av desse tenestene, og å be rådmannen vurdera konkurranseutsetjiing også for Meland sjukeheim og heimetenestene.

            Vil gje Skodvin utsetjing

            Vil gje Skodvin utsetjing

            LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

              Siste kortnytt