Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Framo Engeneering til Askøy

Del | |
Framo Engeneering vil flytta delar av verksemda si til Askøy, melder bt.no søndag morgon. På sikt håpar kommunepolitikarane på 500 arbeidsplassar. Dette utelukkar ikkje at verksemda seinare kan koma til å etablera seg også på Fjellsende, dersom dersom det som i dag er landbruksområde vert regulert til industri.
Publisert 24.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Formannskapet på Askøy skal i følgje BT vera orientert om Mohn-bedrifta sine planar på eit lukka formannskapsmøte torsdag. Etter det BT kjenner til, skal etableringa koma på Horsøy. Det varaordførar Øystein Holmelid vil stadfesta, er at kommunen kallar inn til ein pressekonferanse måndag. Holmelid vil ikkje stadfesta at det er snakk om Framo Engeneering eller at Horsøy er lokaliseringa.
På Horsøy er det tidlegare drive sildemjølfabrikk, som vart nedlagt i 2002. Eigar er Horsøy Industrihavn, og planen er å riva alle bygningar og sprengja øya flat samt å fylla ut ein del areal som i dag er sjø, melder bt.no.
Tidlegare i år stadfesta økonomidirektør Thorbjørn Vågenes til BT at Framo Engeneering var på jakt etter eigna tomt for store hallar til montering av oljeinstallasjonar. Då skal Hanøytangen ha vore merst aktuell, men det alternativet skal vera sjalta ut, skriv bt.no.
Vågenes uttalte torsdag til Strilen at verksemda i tillegg til ei etablering på Fjellsende, også jobba med ei anna lokalisering i bergensområdet.
? Me har nok trong for begge desse to nye lokalitatane, men i eit litt ulikt tidsperspektiv, uttalte Vågenes. På Fjellsende har grunneigarane uttalt til Strilen at det ikkje er aktuelt å selja frivillig.
Dagleg leiar i Radøygruppen, Lasse Ståløy, uttalte torsdag at dei håpar å koma i gang med si utviding, som ligg i Radøy kommune, i løpet av neste år.





Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt