Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Frekhaug Vinduet treng meir areal

Del | |
MELAND: Frekhaug Vinduet A/S på Mjåtveit planlegg ei større utviding på eiga tomt. For å satsa, ønskjer eigarane også eit areal dei i dag ikkje eig.
Publisert 12.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? I dag har me ståande ein hall på 1000 rutemeter attmed fabrikkbygget. Den står på eit mellombels byggjeløyve som går ut om to-tre år. Då må hallen rivast, og det er aktuelt å reisa eit nybygg på 2000-3000 rutemeter, opplyser dagleg leiar Arvid Birkeland.
Problemet er at det aktuelle nybygget vil ta det meste som er att av tomta verksemda eig i dag.

Areal «å gå på»
? Difor har me tatt opp med kommunen å få hand om eit ekstra areal på minst ti mål. Eigarane våre er lite mota på å byggja ut dersom me ikkje får dette arealet. Elles har me ikkje plass for ei framtidig utviding om det vert nødvendig, seier Birkeland.
Det arealet Frekhaug Vinduet ønskjer, må i så fall inn på eit areal der privat reguleringsplan no er under utarbeiding. Det meste av denne planen omfattar 300-350 nye bustader, alt etter utnyttingsgrad.

Beklagar
Fleire alt etablerte hus- og hytte-eigar ved industriområdet, er av kommunen informert om Frekhaug Vinduet sitt arealbehov. Innspelet frå verksemda var tidlegare unnateke offentlegheita, men er i ettertid frigjeve. Planansvarleg i kommunen har nyleg gått ut og beklaga at han ikkje visste om dette før no.
Huseigarar og andre har frist til 12. september med å koma med innspel eller merknader til Frekhaug Vinduer sine arealønskje.
Fagsjef Jens H. Bjordal vedgår at dette er eit planområde med ein del motstridande interesser.
? Siktemålet er at planen kjem opp i planutvalet i oktober. Så skal planen ut på første gongs høyring, seier Bjordal.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt