Friarbrev frå havgapet
Endret 20.08.07 10:49
? I vår hadde me faktisk full dekning med utdanna sjukepleiarar. Det var første gong på dei fire åra eg har vore i kommunen. Men no er me igjen i manko på to med offentleg godkjenning, seier Dagrun Gunnarson.
Som personalkonsulent på Fedje har ho sett signaturen sin på fleire brev. Dei har gått til både utflytte feiingar og andre som har vore innom kommunen si lønningsliste.
«Til deg som har arbeidd på Fedje tidlegare», er overskrifta på brevet. Gunnarson veit ikkje om mottakarane er i anna arbeid no. Men ho skriv at «eg tenkte at eg i alle fall kunne sende utlysingsteksten».
Billeg
annonsering
? Eg veit ikkje om andre kommunar har sendt denne typen friarbrev, men me har funne på dette sjølv, seier Gunnarson. Ho er raskt ute med å kreditera driftssjef Grete A. Herøy for å ha klekka ut idéen.
Korleis brevet måtte slå an, tør ikkje personalkonsulenten å spå noko om.
? Det skadar ikkje å prøva ein litt utradisjonell måte å rekruttera på. Me veit at dei som har fått brevet er flinke folk, og dette er dessutan billeg annonsering, seier Gunnarson.
Ho strekar under at brevet inneheld ei oppmoding om å søkja, ingen garanti for å verta tilsett.
Og om det ikkje let seg gjera å lokka nokon av mottakarane tilbake, så får dei i alle høve «ei varm helsing frå oss her ute i havgapet».
? Eit kompliment
? Eg tar brevet som eit kompliment! Faktisk har eg fått slike brev eit par gonger tidlegare, blant anna då eg var under utdanning, seier Anita Hatlem (27), for tida busett i Haugesund.
Men tilbakemeldinga hennar er at ho førebels er nokså fastgrodd i Sildajazzens heimby.
? Eg har jobba som sommarvikar på Fedje fleire år sidan 1996. No er eg sambuande, har to born og er tilsett i heimetenesta. Nett no har eg permisjon.
? Kunne du tenkja deg å flytta tilbake til Fedje?
? Eg er nok eit typisk eksempel på den utflyttinga Fedje vert råka av. Problemet er å finna jobb for begge to. Sambuaren min er blikkenslagar og jobbar innan ventilasjon. Dermed er det ikkje så lett å finna jobb for han på Fedje. Men om det var mogeleg er det ikkje usannsynleg at me hadde vurdert flytting. Eg har blant anna to søstre som bur på Fedje, seier Anita Hatlem.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




