Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Friske Austrheimingar

Del | |
AUSTRHEIM: Fire prosent av arbeidstida er folk i Austrheim sjukemeld. I Modalen ligg folk sjuke sju prosent av tida. Kommunelege Petter Kubon i Austrheim trur dei gode tala har mest med næringsgrunnlaget å gjera.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Austrheim hadde i andre kvartal i år nest lågast sjukefråver i heile fylket. Berre i Granvin er folk mindre sjuke, der er dei heime frå arbeid 3,4 prosent av tida.

? Eg trur ikkje det har så mykje med legane å gjera kvifor statistikken er slik. Eg trur det går meir på næringsgrunnlaget i denne kommunen, seier kommunelege i Austrheim Peter Kubon til avisa Vestnytt, som konkluderer med at strilar i nord er friskare enn strilar lenger sør.

Sjukefråveret i Lindås er langt høgare enn i Austrheim, men er på veg nedover. Modalingane er sjukast i fylket.

I Hordaland var sjukefråveret i april, mai og juni på 5,5 prosent, ned frå 6,3 prosent i same periode i fjor. Tala gjeld legemeld sjukefråver. Dersom ein tek med eigenmeldingar, er sjukefråveret på 6,3 prosent ? ned frå 7,0.

Sjukefråveret i Hordaland er minst innan olje- og gassutvinning, med 3,4 prosent. Mest sjukefråver finn ein innan helse- og sosialtenester, med 8,0 prosent. Dette forklarar i stor grad kvifor sjukefråveret er størst i kommunal sektor. I fylkeskommunar og i staten er folk mindre borte frå jobb, og sjukefråveret er minst i privat sektor. Folk som jobbar i offentleg administrasjon, er lite sjuke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt