Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Front mot front ved Eikanger

Del | |
LINDÅS: Ein 19-åring vart sendt til sjukehus med luftambulanse i morgontimane i går, etter ein front mot front-kollisjon mellom to personbilar på E39 ved Eikanger.
Publisert 09.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dei to førarane var åleine i bilane, opplyser politiførstebetjent Svein Arne Hatlevik til Strilen ved ulukkesstaden. Den eine bilføraren vart sendt til sjukehus og den andre til legevakta for kontroll.
Tilstanden til den 19 år gamle mannen som vart sendt med luftambulanse var stabil, fekk Strilen opplyst frå Haukeland Universitetssjukehus i går ettermiddag. Det var snakk om lettare brotskadar og kveistingar, og mannen skulle opererast.
Den eine bilen som var involvert i ulukka, kom frå sør og den andre frå nord. Hatlevik seier at årsaka til ulukka truleg er ei forbikjøring. Ulukka skjedde i sjutida på morgonen. Luftambulansen tok den skadde med seg klokka 07.30. Vegen var sperra ei stund, men brannvernet fekk rydda vegen, slik at han vart opna igjen rundt klokka 07.45.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt