Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fryktar dårleg vedlikehald på Mongstad

Del | |

Norges Miljøvernforbund er kritisk til om Statoil tek uønskte hendingar alvorleg nok.

Publisert 11.10.11 10:32
Endret 11.10.11 11:03

«Vi stiller spørsmål om kor alvorlig ei hending må bli for at informasjonsleiar Tjore kan innrømma at ein har hatt ei alvorlig hending?! Når det går liv tapt ved anlegget, når alt liv i sjøområdet døyr eller når Mongstadområdet er ein saga blott?!»

Det spør Marita Bru i den lokale nærmiljøgruppa av Norges Miljøvernforbund i eit innlegg Strilen har fått etter oljeutsleppet på Statoil Mongstad måndag.

Bru skriv at nærmiljøgruppa er tvilande til om vedlikehaldet på Mongstad vert godt nok i tida framover, med det store resultatunderskotet Statoil Mongstad no går med.

«I skriftlege og muntlege dialogar med Statoil Mongstad har me gjentatte gonger vorte beroliga med flotte rapportar og diagram. Det som er eit dilemma her, er at vi tydelegvis tolkar desse ulikt! Der Statoil seier «ingen fare», seier vi: «Her er det tid for forbetring», skriv Bru mellom anna i innlegget, som kjem på trykk i Strilen torsdag.

– Hendinga på Mongstad måndag var det me kallar ei lita hending. Den hadde ikkje noko med dårleg vedlikkehald å gjera, seier informasjonsleiar Jon Halstein Tjore i ein kommentar.

Det var kring 10 litar tyngre olje som rann ut via ein flens i krakkeren. Sidan olja var varm, var det ein viss fare for antenning, og det medverka til at ein evakuerte alle tilsette som var på jobb.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt