Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fryktar ulovleg gåsejakt i Masfjorden

Del | |
Terje Pedersen meiner viltnemnda i Masfjorden har opna for ulovleg gåsejakt. Men Tore Svenden, som er sakshandsamar i kommunen, seier dei er innanfor lova.
Publisert 22.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Viss ein skyt på vaksen gås i hekketida, seier det seg sjølv at det kan vera gåsungar i nærleiken som misser mor si og går ein sikker død i møte, seier Terje Pedersen til Strilen.
Den tidlegare kommunestyrerepresentanten frå Framstegspartiet har no klaga viltnemnda i kommunen inn til Fylkesmannen fordi dei har gjeve løyve til å jakta på grågås og kanadagås utanom fredningstida. Bakgrunnen  for dette vedtaket er at gåsa gjer skade på avlingar hos enkelte bønder.

Lovstridig
? Eg meiner dette løyvet heilt klart må vera i strid med lova sin paragrafar om human jakt, seier Pedersen.
Men på spørsmål frå Strilen om han veit om at der har vorte skote gås som har ungar i kommunen, svarar han nei.
? Mi klage kjem på prinsippieløt grunnlag, seier Pedersen, som hevdar han hadde problem med å få utskrift av viltnemnda sitt vedtak.
? Eg måtte gå heilt til rådmannen for å få det, seier han.

Innanfor lova
? Me har vurdert denne saka og meiner me held oss innanfor lova. Vedtaket i år er heller ikkje annleis ein dei løyva me har gjeve dei sist to åra, og me har informert Fylkesmannen kvar gong, seier rådgjevar Tore Svendsen, som har ansvar for dette saksfeltet i kommunen.
Svendsen viser til at det berre er gjeve løyve til to grunneigarar i kommunen, og at løyvet gjeld inntil ti gjæser på kvar stad.
? Og det er ikkje berre å plaffa laus. Det er ansvarlege jegrar som veit kva dei gjer, som skal ta seg av jakta, seier han.
Det inneber at ein ikkje skyt fugl som har ungar, sjølv om løyvet for så vidt også opnar for jakt i hekketida. Svendsen meiner og at dei tiltaka som har vore prøvde for å skremma bort gåsa, har vist seg lite effektive.

Sjå på saka
? Me har nett fått inn denne klagen og har ikkje fått tid til å vurdera saka, seier rådgjevar Stein Byrkjeland hos Fylkesmannen til Strilen.
? Ved første augnekast kan det sjå ut som kommunen sitt løyve går litt for langt, men dette må me sjå nærara på, seier Byrkjeland.
Han understrekar at det er eit krav for å gje fellingsløyve utanfor ferdningstida, at ein grunneigar kan påvisa skade eller avlingstap som følgje av gjæsene.
? Ein kan ikkje få slikt løyve på forskot, seier han.

Aukande problem
Stein Byrkjeland, som er ornitolog, fortel at bestanden av både kanadagås og grågås aukar.
? Bestanden av kanadagås har auka jamnt og trutt over lenger tid, medan grågåsbestanden har auka veldig det siste året, seier han.
Årsaka veit ein ikkje riktig, men det kan vera at grågåsa overvintrar i område der det er mindre jakt enn tidlegare på grunn av varmare klima.
Byrkjeland seier det skal meir til for å jakta på grågås i fredningstida enn for kanadagår, sidan grågås er ein fugl som høyrer til i den lokale faunaen. Det gjer ikkje kanadagåsa.
Byrkjeland kjenner til at det har vorte gjeve likande løyve som i Masfjorden både i Os, Fusa og på Bømlo.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt