Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fryktar ulukker til sjøs

Del | |
AUSTRHEIM: I ein risikoanalyse vurderer Austrheim kommunestyre det som sannsynleg at det vil skje ei ulukke på sjøen i kommunen i løpet av ein tiårsperiode.
Publisert 22.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kommunestyret vedtok onsdag ein risiko og sårbarheitsanalyse for kommunen. Dei har plukka ut 26 moglege farlege hendingar i kommunen. Fire av desse vert vurderte som «akseptabel men høg risiko» men berre ulukker til sjøs vert rekna som «sannsynleg». Ingen av dei moglege hendingane vert vurderte som å ha «uakseptabel risiko».

Mange øyer
I rapporten vurderer kommunen det som sannsynleg med ei ulukke til sjøs, då det er 489 øyar i kommune, to ferjesamband, snøggbåttrafikk, mykje småbåttrafikk og trafikk til den største hamna i Nord-Europa. Det vert konkludert med at kommunen er dårleg rusta til å hjelpa til ved slike hendingar, og i rapporten ser ein difor trong for å få ein beredskapsbåt med hengar som raskt kan utplasserast. Analysen tek berre for seg hendingar som vil råka større grupper av menneske, og som går utover ulukker som det ordinære hjelpeapparatet taklar tilfredsstillande.

Fare for trafikkulukker
I saksutgreiinga vert det og påpeika at det er akseptabel men høg risiko for naturkatastrofar, trafikkulukker med mange skadde og brann/evakuering av eldresentra og institusjonar. Men kommunen meiner at risikoen for slike hendingar best kan minimaliserast ved medviten arealbruk framover, felles øvingar og forbetring av redningsutstyr samt kontinuerleg oppdatering og vurdering av beredskapsplanen. Dei meiner og at institusjonane må sikrast nauddrift for å oppretthalda varme og matforsyning ved bortfall av nettspenning. Det vert vist til at BKK kan levera straum frå ulike innfallsportar i ei kritisk situasjon, og at kommunen difor slepp å kjøpa inn eit større aggregat.

Vera førebudd
For å vera førebudd på eventuelle større trafikkulukker eller institusjonsbrannar, bør kommunen ha eit lager med eingongstallerkenar og bestikk for å kunna forpleia skadde og hjelpemannskap i ein krisesituasjon. Den gamle mjølkebilen skal dei framleis ha i beredskap for transport av vatn i tilfelle ulukker eller brot på vassleidning. Kommunen skal også skaffa ein eigen båt til beredskap ved innsats på fjorden. I tillegg skal ein halda fokus på tryggleik i samband med utarbeiding av ny vassforsyning og ha høg kvalitet på arealplanlegging og byggjesakshandsaming, heiter det i planen.

Budstadsprinkling
21 av dei moglege hendingane som er påpeika i planen vert vurderte inn under kategorien «akseptabel risiko». Her kjem det forslag om å sikra bustadsprinkling i busentra og eldresentra der dette ikkje er gjort. Ein skal og skaffa fram betre kunnskap om farlege transportar som passerer gjennom kommunen. Ein skal utarbeida og få godkjent ein eigen plan for pandemisk influensa (verdsomspennande epidemiar som oppstår ved varierande mellomrom).
Dei vil og kartleggja tilgang på landbrukstankvogner i område med dårleg vasstilgang. Desse kan til dømes brukast i tilfelle brannar.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt