Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fryktar ulukker ved barnehage

Del | |
LINDÅS: Trollskogen barnehage vil få tung trafikk like ved portane fordi vegen er regulert som tilkomstveg for industriområde.
Publisert 29.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me får mellom anna eit stort byggevarefirma som nabo. Det har vore ein stille og roleg veg, men no kjem den nok til å verta brukt av mellom anna trailerar, og det vert during dagen lang, seier Torill Seliussen, styrar i Trollskogen barnehage.

Dårleg parkering
Det er Standard Eiendom, Foss Eiendom og byggevarefirmaet Stevnebø som har kjøpt tomtane, og som vil få tilkomst forbi barnehagen og bustader. I godkjende reguleringsplanar er det og planlagt fortau forbi barnehageområdet.
? Me har alt veldig dårlege parkeringstilhøve, og eit fortau vil gjera det verre. No veit me ikkje kva me skal gjera, seier Seliussen.
I dag brukar barnehagen heile plassen i tillegg til området der vegen skal komma. Seliussen fryktar kaos ved henting og bringing til barnehagen, og fortel at det alt har skjedd fleire nestenulukker på grunn av dårleg plass.
? Det kjem til å verta kaos og ulukker, det kan eg seia på førehand, seier Seliussen.

Godkjend
Ivar Thorsheim, dagleg leiar i Lindås Tomteselskap, fortel at godkjende reguleringsplanar alltid har lagt opp til at vegen skal gje tilkomst til industriområdet.
? Det er den vegen som er godkjend og stadfesta i reguleringsplanen. Det har aldri vore snakk om å nytta nokon anna veg. Barnehagen har og vore kjend med desse planane sidan tomten vart kjøpt, seier Thorsheim.
Barnehagen er kjend med reguleringsplanane, men Seliussen påpeikar at på deira teikningar skal ein av industritomtane ha tilkomst frå ein annan veg. I tillegg meiner ho at dei har vorte førespegla at ein voll skulle koma opp mellom industriområdet og barnehagen.
? Fem avdelingar er avhengige av å komma seg trygt bort i friluftsområda, og med slik bruk av vegen kan det verta vanskeleg, seier Seliussen.

Inga løysing
Thorsheim meiner det må vera opp til barnehagen å løysa problemet om tilkomsten.
? Ser du det som uproblematisk at det kjem til å vera tung trafikk forbi barnehagen?
? For meg er det heilt uproblematisk, men klart det ikkje er det for barnehagen. Dei må ta fatt i det og løysa det sjølve, seier Thorsheim.
? Er det mulig å legga tilkomsten til industriområdet ein annan stad?
? Ein kan heller snu på flisa  og spørja om barnehagen kan ha tilkomst ein annan stad. Uansett er det kommunen som godkjenner reguleringsplanane, og dei må svara for det, seier Torsheim.   Seliussen og styret i barnehagen har send klage til kommunen, men ikkje fått svar.  ? Me forstår at vegen er godkjend i planane, men det må gå an å visa skjønn. Me skulle eigentleg bygga lenger inne her, men fekk beskjed om at den trafikken barnehagen kom til å generera,  ikkje passa i eit bustadområde. Eg håpar dette også gjeld i denne saka, seier Seliussen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt