Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Full bom-splitt i Meland

Del | |
Eit klart fleirtal i Regionrådet sin representantskap gjekk i dag måndag inn for nye bompengar. Men blant Meland-politikarane er det full splitting. Frå venstre: Nils Marton Aadland (H), Lars Barstad (V) og observatør og ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.
Publisert 22.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Med tolv mot fire røyster sa representantskapen i Regionrådet ja til vegpakken med bompengar. Mindretalet ville utsetja saka til 2009.

Alle sa at her måtte ein ikkje setja opp ein motsetnad mellom sentrum og periferi då representantskapen i Regionrådet diskuterte om ein skulle seia ja til Nordhordlandspakken med innlagd bompengesøknad eller ikkje. Men faktum er at medan representantar for Radøy, Austrheim og Masfjorden tala varmt for pakken og verdien av å stå saman og løfta i flokk, var det representantar frå Lindås og Meland som røysta mot.

Mandat
? Me har eit mandat frå veljarane våre som me ikkje kan gå bort frå, sa Nils Marton Aadland frå Høgre i Meland.
Han sette fram forslaget om at arbeidet med Nordhordlandspakken vert lagd på is til Stortinget har vedteke Norsk tranportplan for perioden 2010-2019. Vidare vart styret i Regionrådet bede om å jobba aktivt for at Nyborgtunnelen kjem inn i vegplanen for denne perioden.
? Me har ingen garanti for at Nyborgtunnelen kjem med i fase 2 om me no seier ja til fase 1, sa Aadland.

Gratis omkøyring
? Me kan ikkje gå inn for ein pakke der Nyborgtunnelen ikkje er med, og der det ikkje er opna for gratis omkøyringsveg i Åsane for dei som vil unngå bommen, sa Aadland vidare. Han viste til vedtaket som representantskapen i Regionrådet gjorde i oktober 2004.
Han fekk støtte frå Helge Bauge, Ap i Meland og Torunn A. Gamst frå Høgre i Lindås.

Verta samde
Bjørn Arne Aakvaag frå Lindås Frp gjekk og mot, men han argumenterte meir prinsippielt mot bompengar.
? Staten har meir enn nok pengar til å byggja vegar viss berre politikarane vil, sa han.
? No må me ikkje stridast innbyrdes medan verda går i frå oss, sa Erik A Riisnes, Sp Masfjorden.
Han talte varmt for å seia ja til Nordhordlandspakken for å få løyst vegprosjekt andre stader i Nordhordland enn i søre delen.
Og Aadland og Gamst fekk ikkje følgje av partikollega John Bauge frå Radøy.
? Det er ønsketenking å tru at staten vil stå for all utbygging sjølv om me skulle ønskja det. Me må ta utgangspunkt stoda slik ho er i dag, sa han.

Til kommunane
Også Ragnar Floen, Radøy Ap, talte varmt for å seia ja til Nordhordlandspakken.
? Den kan gje eit løft til heile regionen. Stundom må ein vera villig til å svelgja ein bitter pille, sa han.
Fleirtalet i representantskapen seier altså ja til å søkja Stortinget om løyve til å begynna bompengeinnkreving for ei rekkje vegprosjekt rundt i Nordhordland. Innkrevinga kan starta i 2009. Så er det meininga at ein skal ha ein fase 2, der Nyborgtunnelen er det tyngste prosjektet.
Saka skal no opp i kommunestyra i dei seks kommunane som pakken omfattar.  Derifrå går ho vidare til fylkestinget. Dersom dei vedtek å senda saka vidare, er det Stortinget som tek den endelege avgjerda.
Representantskapen tok også med punkta frå kommunestyret i Lindås om at ein skal prøva å få ei rettferdig fordeling av bompengeinnkrevinga, eventuelt med bommar fleire stader i distriktet.





Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt