Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Full krangel om Kvingo-telt

Del | |
MASFJORDEN: Det er framleis full strid om dei plastoverbygde kara som setjefiskverksemda Marin Harvest AS har sett på Kvingo. Ein nabo krev dei fjerna.
Publisert 06.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Påstand står mot påstand i striden om dei overbygde oppdrettskara på Sør-Kvingo. Advokatar er hyrte inn på begge sider. Naboen meiner at dei overbygde kara med plasttelt er til stor sjenanse, og at dei er eit svært skjemmande innslag i lokalmiljøet. Difor krev dei at dei svarte plasttelta vert fjerna og erstatta med takkonstruksjonar som er meir i samsvar med det som finst i området rundt.
Naboen sin advokat seier og at det ikkje berre er denne naboen som har ulempe av telta, men mange andre og. Dei klagar og på støy.

Ikkje etter lova
Klagar meiner og at denne sak ikkje kunne avgjerast administrativt i kommunen sidan han meiner dette er ei sak som er prinsippiell. Difor burde ho vore oppe til politisk behandling. Han meiner vidare at kommunen burde kontakta Marin Harvest for å få dei til å koma med alternative takløysingar.
Klagar seier vidare at kommunen har trekt inn utanforliggjande tilhøve då dei gav permanent løyve til plasttelta ved å visa til at ei ny vegløysing ned til anlegget er til fordel for alle.
Klagar krev at det permanente løyvet for tildekking vert trekt tilbake, og at klagar får dekka kostnader dei har hatt i saka.

Tilbakeviser
Marin Harvest sin advokat tilbakeviser alle påstandande frå motparten. Dei meiner dei kjegleforma telta som no er sette opp, totalt sett er den beste løysinga. Og dei meiner det er rett når kommunen har gjort ei samla næringsmessig vurdering av om dei skulle godkjenna dei omsøkte tiltak eller ikkje.
Saka kjem opp i planutvalet i Masfjorden 18. januar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt