Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Full poengpott for NBK

Del | |
NBK toppar tabellen med full poengpott etter fire kampar med 5 - 1 siger mot Fyllingen 2 tysdag.
Publisert 16.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
NBK-trenar Roger Kvande seier dei ikkje har gjort så mykje ulikt frå i fjor, men at dei har halde fram med å fokusera på dei same tinga.
? Skilnaden er vel at me i år har fått utteljing for dette, seier Kvande.
Resultatet er i alle fall at dei slepp inn lite mål, samstundes som dei får utteljing i andre endren av bana.

Kampen tysdag kveld låg og vippa til eit stykke ut i andre omgang, då NBK drog i frå gjestane, fortel Kvande.
? Fyllingen 2 var som forventa eit ballsikkert og spelande lag. Dei låg til tider høgt på midtbana, noko som gav oss moglegheiter på overgangane, seier trenaren.
Gjestane hadde med seg fleire spelarar frå A-laget, og stillte altså med eit sterkt mannskap. Mohammed Kamara skåra tidleg i 1. omgang. 1 - 0 var også pauseresultatet.
I andre omgang utlikna Fyllingen 2, før NBK fekk straffe. Den sette Roy Pettersen i mål. NBK hadde så nokre fine angrep, og det førte til 3 - 1-skåring ved Yngve Njøten, 4 - 1 ved Roy Pettersen og 5 - 1 ved Yngve Njøten. Dermed kan NBK trona på toppen av tabellen med 12 poeng, same poengsum som Djerv på andre plass. Djerv har altså også starta sesongen godt, men har eitt mål dårlegare målskilnad enn NBK.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt