Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Full stopp for Firda-fisken til Russland

Full stopp for Firda-fisken til Russland

Del | |

Lakseslakteriet Martin E. Birknes Eftf. på Byrknes har no forbod mot å eksportera både fryst og fersk laksefisk til den russiske marknaden.

Publisert 10.08.12 18:36
Endret 10.08.12 18:37

Bedrifta er ein del av Firda Management, og slaktar all oppdretta laks og sjøaure frå konsernet i Gulen.

Tidlegare i år fekk Martin E. Birknes Eftf. melding via Mat­tilsynet om at dei frå 5. mai var utestengt frå å eksportera fersk laks og sjøaure til Russland. Same melding fekk omtrent 30 prosent av alle norske slakteriverksemder for laksefisk. For Martin E Birknes Eftf gjeld restriksjonane frå og med sist måndag også fryst fisk.

Russisk tiltak
Forbodet mot å selja laksefisk til Russland er sett i verk av dei russiske veterinær­myndig­heit­ene, og det er grunngjeve med at dei har funne uønskte bakteriar i importerte vareparti frå verk­semda. Mattilsynet skriv i ei pressemelding at dei skal følgja opp slakteriet på Byrknes med tilsyn og prøver.

– Det er kjedeleg for oss at me no er heilt utestengd frå den russiske marknaden. Me har kundar der som er avhengige av fisken vår, seier adm. direktør Carl-Erik Arnesen i Firda

Management. Han vil like fullt ikkje karakterisera situasjonen som dramatisk for selskapet. Importstoppen er også mellombels.

Stenging og opning
– Russiske veterinærmyndigheit­er har lenge halde på med å stengja og opna marknaden sin for ulike norske eksportørar av laksefisk, konstaterer Arnesen.

Firda-konsernet har i seinare år satsa mykje på Russlands-marknaden, som har vorte svært viktig for selskapet.

Siste årsmelding frå Firda Management fortel at konsernet i fjor selde fisk for vel 312 millionar kroner til Russland, og det utgjorde 64 prosent av alt fiske­salet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Lathi på Everest for andre gong

Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

    Tok årets første bad

    Tok årets første bad

    MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

      Tog og is uansett ver og vind

      Tog og is uansett ver og vind

      Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

        Til NM med tidenes verste fødsel

        Til NM med tidenes verste fødsel

        Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

          - Elvemuslingen er ikkje daud!

          - Elvemuslingen er ikkje daud!

          MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

            Skodvin får ikkje meir tid

            Skodvin får ikkje meir tid

            LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler