Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fulle kyrkjer som vanleg

Del | |
Kyrkjebesøket var som vanleg godt i jula. I Lindås-kyrkjene vart det ofra over 76.000 kroner til Kirkens Nødhjelp. Her er sokneprest Vilhelm Overå på preikestolen i Ostereidet kyrkje.
Publisert 27.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Dei prestane eg har snakka med, rapporterer om «fullt» eller «stappfullt» ved gudstenestene også på julaftan i år. Så kyrkjebesøket har nok vore som vanleg, seier prost Helge Hitland.
1. juledag var det som vanleg langt betre plass i benkeradene.
? Då kunne me ønskt oss litt fleire. Men sjølv høyrer eg til dei som gler seg over godt besøk på høgtidsdagane, sjølv om besøket elles i året er mindre, seier prosten.
Han noterer seg blant anna at på Lygra, der det bur rundt 400 menneske, var det 200 som deltok på gudstenesta julaftan.
? Sjølv var eg i Knarvik Misjonshus, og der var det stappfullt med rundt 200 som deltok, seier Hitland.
Han peikar på at plassproblema i Alversund og Knarvik ved dei store høgtidene, vert stadig tydelegare.
? Det dumme her er at enkelte faktisk tenkjer at «det er ingen vits i å gå» sidan det er så liten plass. Trass denne tankegangen var det smikkfullt i Alversund-kyrkja, seier Hitland.
I Modalen var gudstenesta julaftan ved Anne Nordvoll, som bur i Knarvik og er ferdig utdanna prest til våren.
? Og ivrige kyrkjegjengarar i Modalen har alt sendt melding om at ho er velkomen tilbake! fortel prosten.
Elles kom det inn store offer til Kirkens Nødhjelp.
? Kyrkjelydane i Lindås bidrog med ikkje mindre enn 76.321 kroner. Det synest eg er ei fantastisk handsrekning til hjelpearbeidet blant dei jordskjelvråka i Pakistan. I Lindås-kyrkja kom det inn 12.500 kroner, i Myking-kyrkja 10.500 og i Knarvik misjonshus 9000 kroner. Frå dei andre kyrkjene låg offeret på fem-seks tusen kroner, opplyser Helge Hitland.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt