Fylkesmannen underkjenner Lindås si sakshandsaming
Endret 20.08.07 10:49
Gjerdet avgrensa berre Bjarne Foss sin eigedom, men var likevel til hinder for naboen Reklamehuset ANS. Slik deira bygg er utforma, vert både tilkomst med bil og parkering sterkt avgrensa om ikkje delar av Foss si tomt kan nyttast. Slik det er i dag, parkerer gjester til likningskontoret og andre leigetakarar hjå Reklamehuset i realiteten på Foss si eigedom, og det var denne parkeringa som fekk ein brå slutt då gjerdet kom opp.
Reklamehuset ANS sin advokat sende raskt brev til kommunen om gjerdet, datert 27. april 2006. 2. mai hadde administrasjonen sitt vedtak klart, der det vart sett fram krav om at gjerdet måtte fjernast innan 5. mai, altså innan tre dagar. Dersom dette ikkje vart gjort, ville kommunen vurdera tvangsmulkter.
Manglande førehandsvarsel
Eit fleirtal av politikarane i plan- og miljøutvalet stadfesta administrasjonen sitt vedtak då saka kom opp til politisk handsaming 22. juni.
Men no må altså saka handsamast på nytt i Lindås kommune, etter at Fylkesmannen har oppheva både det administrative vedtaket og den seinare politiske stadfestinga. Fylkesmannen si avgjerd er endeleg, og kan ikkje påklagast.
Det første punktet der Fylkesmannen finn feil i sakshandsaminga er at Foss ikkje fekk høve til å uttala seg i saka før det vart gjeve pålegg om riving av gjerdet.
? I denne saka er det ikkje gjort slik førehandsvarsling som lova krev, heiter det i vedtaket frå Fylkesmannen.
Manglande rettleiing
Vidare vart det frå kommunen si side ikkje gjeve slik rettleiing som kommunen pliktar å gje. Fleire andre nabotomter er gjerda inn, og då kommunen fekk spørsmål frå Foss si side, skulle administrasjonen ha gjeve rettleiing om kva slags gjerde som kunne godkjennast.
? Sjølv om kommunen ikkje vil godkjenna gjerdet slik det opphavleg vart oppført, er det sannsynleg at tiltakshavar kan få løyve til oppføring av eit gjerde på tomta, heiter det i vedtaket.
? Manglande førehandsvarsel og manglande rettleiing inneber at saka ikkje er undergjeven ei tilfredsstillande kontradiktorisk handsaming, heiter det i konklusjonen.
Kontradiktorisk inneber at begge partar skal høyrast før avgjerd vert teken.
Utan føringar
I vedtaket frå Fylkesmannen er det presisert at sjølv om Lindås kommune sine vedtak no er oppheva, skal ikkje det leggja føringar for kva som vert utfallet av seinare vedtak frå kommunen si side.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




