Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Gje vekk ein genser til jul

– Gje vekk ein genser til jul

Del | |

Helge Brekke ønskjer å gje ei gåve som verkeleg kjem til nytte, og han håpar at eg og du vil hjelpa han. 

Publisert 22.12.11 09:54
Endret 22.12.11 09:54

Ein tur til Etiopia i haust gjorde sterkt inntrykk på Helge Brekke. Han har besøkt landet fleire gongar i samband med eit hjelpeprosjekt som Knarvikmila og Knarvik ungdomsskule har engasjert seg i.  På årets tur var dei blant anna innom ein skule i Addis Abeba.

– Gjekk i utslitne genserar
– Mekdela grunnskule er ein skule for born i ein vanskeleg situasjon. Dei kjem frå familiar som slit med pengar til det aller mest grunnleggjande. Skulen har 1200 elevar i alderen 3 til 18 år. Då me var der la eg merke til at alle elevane gjekk i lyseblå genserar. Det var skuleuniforma deira, men genserane var heilt utslitne. Mange av dei var rakna og holete, seier Knarvik-milgeneralen.

Han spurte difor på skulen om kven som skaffa desse genserane.

– Svaret var at det var skulen som skaffa genserar til elevane, fordi foreldra hadde så dårleg økonomi at det ikkje var muleg at dei kunne gjera det. Men skulen har heller ikkje pengar. Mange av dei som jobbar der, er frivillige.

25 norske kroner for kvar
Medan Brekke stod der og såg på borna med dei slitne genserane kom han til å tenkja på alle genserane han sjølv hadde liggjande i klesskåpet heime.

– Eg har til og med genserar som eg ikkje har brukt, og eg må innrømma at eg følte meg ikkje så reint lite bortskjemd der eg stod, seier han, og fortel at han difor spurte kor mykje desse skulegenserane kosta per stykk.

– Eg fekk vita at det var snakk om 75 birr per genser. Det vil seia ca. 25 norske kroner.

På «strak arm» lova mannen frå Knarvik å ordna genserar til heile skulen, seier han. Og når ein lovar noko, må ein sjølvsagt halda ord.

Vil gje, heller enn å få
Knarvikmila og Knarvik ungdomskule har i fleire år samarbeidd med organisasjonen Great Ethiopian Run, og Unicef, om prosjektet Utdanning for born og ungdom i Etiopia. Og utsendinga frå Knarvik var i Etiopia for å overlevera pengar til dette prosjektet, som i år får 500.000 birr (ca. 170.000 NOK) frå Knarvikmila og Knarvik ungdomsskule.

Då Brekke fylte 70 år tidlegare i år, ønskja han seg pengar til dette prosjektet i staden for gåver til seg sjølv. Det resulterte i 45.000 kroner som også er overført til prosjektet. No håpar han at han å klara og skaffa ein fin sum til genserar.

Har laga gåvekort
Brekke håpar også at andre har lyst til å gje ei symbolsk gåve til jul. Difor har han oppretta ein eigen konto til genserprosjektet.

– Dette prosjektet kjem i tillegg til det prosjektet me alt har. Kontoen vert open fram til 1. mars 2012, og eg håpar at me innan den tid skal klara å skaffa nok pengar til genserar, seier Brekke.

Han har også ordna det slik at dei som ønskjer å gje genserar som ei symbolsk julegåve til nokon, kan bruka eit gåvekort som dei kan få på Knarvik senterkontor, Atleten og Kiwi i Knarvik og Kiwi på Ikenberget.

– Me som bur i Noreg veit ikkje kor heldige me er. Folk har stort sett så dei klarar seg og vel så det, og då synest eg at det er fint å kunna gjera ein innsats for dei som ikkje har så mykje som oss, seier han.

Brekke opplever at det å engasjera seg for hjelpeprosjekt i Etiopia er noko av det mest meiningsfulle han har gjort.

Dersom du har lyst til å hjelpa med pengar til genserar, kan du setja inn det beløpet du måtte ønskja på kontonummer 3800 15 50281.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt