Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gjekk under vatnet

Del | |
RADØY: I finveret laurdag let fleire av medlemene i Nordhordland Dykkerklubb hage vera hage. På Dykkingens Dag gjekk dei under vatnet. 
Publisert 28.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Å koma seg ut og dykka er betre enn å klyppa plenen! var meldinga frå dykkarklubben sin leiar Rune Løvoll. Saman med 10-11 andre kasta han loss frå Kvalheim Feriesenter og drog på dykkartokt i Radøy sin skjergard ved 13.00-tidea laurdag.
Ut på dykking drog også kring 2000 andre dykkarar rundt om i landet, ettersom laurdag er Dykkingens Dag og ei markering av at forbundet er 50 år i år.
? Fint ver gjer det ekstra stas å dykka, seier Løvoll. Han og dei andre entusiastane kunne også setja grilling på programmet. Men elles peikar dei på at veret over vassflata ikkje er avgjerande for ein vellukka dykkartur.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt