Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gjer alt for å sikra nye tunnelar

Del | |
LINDÅS: Både anleggsfolka og vegvesenet forsikrar at alt vert gjort for å rassikra nye Lindås-tunnelar.
Publisert 19.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er ikkje til å leggja skjul på at me diskuterer utrasinga i Henekleivtunnelen, seier fire Mesta-tilsette under matpausen like ved innslaget til Nipetunnelen på E39 i Romarheimsdalen.
Men verken Per Hagesæter frå Leiknes eller masfjordingen Geir Kvingedal har oppfatningar om kva som kan ha årsaka utrasinga på tunnelen ved Holmestrand.
Men dei viser gjerne fram lageret av boltar som vert brukt til å sikra den 940 meter lange Nipetunnelen.

Ingen nye rutinar
Heller ikkje vegvesenet sin byggleiar på anlegget i Romarheimsdalen, Arne B. Strand, har grunnlag for å seia noko om Hanekleiv-utrasinga. Prisen for å utbetra den og andre tunnelar på E18 er kalkulert til heile 345 millionar kroner. Enkelte politikarar har kravd vegdirektøren sin avgang. Både Vegdirektoratet og uavhengige instansar skal avgje rapportar om kva som kan ha gått gale.
? Det er heilt klart at vegvesenet har eit forklaringsbehov overfor trafikantane. Media er ein viktig kanal for denne informasjonen, seier prosjektleiar Jon Kvåle når Strilen spør om sikringa av Nipetunnelen, som skal gjera det både raskare og tryggare å køyra gjennom Romarheimsdalen.
? Så langt går me etter dei same rutinane som me lenge har hatt for tunneldriving, seier byggjeleiar Arne B. Strand. Ein viktig del av hans jobb er dagleg oppfølging av entreprenøren Mesta si framdrift.

Erfarne folk
? Det er erfarne mannskap som arbeidar i tunnelen og arbeida går trutt og jamnt framover og følgjer den planen som er sett opp for framdrifta, påpeikar både Kvåle og Strand.
? Me er avhengige av at anleggsfolka kan faget sitt, seier Strand. Han viser og til at er det tvil om sikring, vert geolog tilkalla. I Nipetunnelen har det så langt ikkje vore behov for det.
? Fjelloverdekninga er liten for heile tunnelen, og i dag er det er tett mellom vassdryppa. Tunnelen må difor tettast med PE-skum slik at me får ført alle vassdrypp ned i drenssystemet, opplyser Kvåle. Han seier at alt PE-skum skal brannsikrast med sprøytebetong.
Byggjeleiar Strand viser til at det ligg ei tjønn over tunnelen. Så langt er det ikkje noko som tyder på ekstra lekkasjar frå denne.

Vestlandsgneis
I dag er ca. 3/4 av Nipetunnelen sprengt. Fjellet er det vegvesenet vil kalla rimeleg god «Vestlandsgneis».
? Det er litt grovt oppsprukke og inneheld nokre meir markerte slepper, men så langt har me ikkje møtt forhold som gir særlege vanskar for stabiliteten.
Etter at det er sprengt gjennomslag i tunnelen, startar arbeidet med å gjera ferdig anna arbeid inne i tunnelen, til dømes permanent sikring, opplyser Kvåle.
Nipetunnelen vil truleg få gjennomslag rundt månadsskiftet juni /juli i år. Opninga av heile parsellen er planlagt til 1. oktober 2008. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt