Gjev hjartestartar til idrettsbygga
MELAND: LHL Meland har gjeve ein hjartestartar til bruk i Meland Aktiv og ein til det nye klubbhuset på Rossland.
Endret 02.12.11 21:07
– Det var det som skjedde under fotballkampen i Sogndal tidlegare i haust som fekk oss til å bestemma oss for at me ville gje ein hjartestartar til IL Kvernbit og ein til Nordre Holsnøy Idrettslag, fortel Astrid Anne Fjeldstad.
Ho er leiar i LHL Meland. Og Trond Egil Soltvedt, som er dagleg leiar i Meland Aktiv og IL Kvernbit, er svært glad for gåva.
– Me er utruleg takksame. Dette er nok me har snakk om i eit par år at me skulle hatt ein hjartestartar i Meland Aktiv, seier han.
Mange innom
Soltvedt fortel at i Meland Aktiv er det fleire tusen innom i løpet av ei veke. Hallen vert brukt både av skulane, av idrettslaga, av folk som trenar og av eldretrimmen. I tillegg er det mange andre arrangement i hallen, mellom anna store kulturarrangement.
– Me har ikkje hatt bruk for hjartestartar til no, men det kan fort skje, seier Soltvedt.
Både unge og eldre kan få hjartetrøbbel, der startaren kan koma til nytte.
Enkel å bruka
Soltvedt fortel at dei første på huset alt har fått opplæring i bruk av hjartestartaren, og fleire skal koma. Det vil og koma oppslag fleire stader om at der er hjartestartar, og kor han er.
– Og så er startaren ganske enkel å bruka. Han gjev sjølv instruksjonar om korleis ein skal gå fram, fortel Soltvedt. Også i Nordre Holsnøy Idrettslag skal dei ha kurs, fortel leiar Anne Grete Eide.
I første omgang vil hjartestartaren verta plassert i ballhuset deira, men når det nye klubbhuset i Leirdalen står klart neste år, vil han verta plassert der. Det vil også verta lagt ut informasjon om hjartestartaren på Frivilligsentralen sine nettsider.
Loddpengar
Kvar hjartestartar kostar rundt 20.000 kroner, og Fjeldstad og Anne Marie Skurtveit frå LHL Meland fortel at det først og fremst er inntektene frå basaren i oktober som har skaffa pengar til hjartestartarane.
LHL Meland har gjeve pengar til mange gode føremål opp gjennom åra, som sjukeheimen, legekontoret og fysioterapien. Etter det dei veit, er dette det første hjartestartarane som er utplasserte i Meland. Etter dramaet i Sogndal, der ein Brann-spelar fekk hjartestans, har det vore sagt at alle idrettsanlegg bør ha hjartestartar, og det får dei no i Meland.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




