Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Glad for første løyving til Sletta-senter

Del | |
RADØY: ? Dette er heilt klart eit gledeleg steg i rett retning. Det seier Asbjørn Ystebø etter at fylkesutvalet vil støtta planane om eit større nybygg ved utvandringssenteret på Sletta.
Publisert 23.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Helst ville styremedlem Asbjørn Ystebø sett spaden i jorda med det aller første.

? Men det er klart ein må innsjå realismen når fylkesutvalet tilrår ein million til eit prosjekt som skal kosta kring 25 millionar kroner. Så eg vil ikkje våga meg ut på noko tips om når tid me kan setja spaden i jorda, seier Asbjørn Ystebø.

Tysdag kveld kunne han likevel gleda sge over at fylkesutvalet i Hordaland tilrår eit tilskot på ein million kroner til det planlagte undervisnings- og utstillingsbygget ved senteret på Sletta.

? Må har hatt kontakt med mange politikarar, og inntrykket er at det er blant anna fylket sin kulturkomité som har gått i bresjen for denne løyvinga, seier Ystebø.

Han peikar som før på at planane på Sletta er avhengige av eit spleiselag der både stat, fylke og kommune tek sine partar av investeringa. Det er dessutan rekna med ein lokal dugnadsinnsats på kring ein million kroner.

? Når det gjeld bidrag frå staten, jobbar me også med det. Me rettar oss mot å få løyving frå såkalla ABM-midlar (Arkiv/bibliotek/Museum) avdi ein stor del av senteret skal få karakter av museum. Håpet er at me kan koma med på statsbudsjettet for 2007. At fylket no går inn, vil vera eit positivt signal overfor både stat og kommune, seier Ystebø til Strilen i går.

Ystebø håpar også heile regionen vil sjå verdien av den planlagte utbygginga på Sletta. Senteret vil og vera eit pluss for distriktet innan reiseliv, påpeikar Ystebø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt