Glad han berga livet
Endret 20.08.07 10:49
Den skadde som ligg på sjukehus. har ikkje pusteproblem, vert det opplyst frå informasjonsavdelinga. Sjukehuset har avgjort at 40-åringen skulle vera over natta til observasjon.
Mogleg forureining
Like før kl. 14 kunne spesialistar frå Bergen Brannvesen undersøkja skadestaden, der det framleis brann i ei trebrakke. Brannen der vart etter kvart sløkt. Før dette hadde brannfolka gjort gassmålingtar som viste at det var trygt å ferdast i området. Men det vart rapportert tilbake til skadestadleiiinga at det var sprekk og lekkasje i ein tank like attmed dei som hadde eksplodert.
Derfrå rann det framleis ut ei brun væske, truleg borekaks frå Nordsjøen, også då Strilen fotograferte på staden like etter kl. 15.00.
Det var frykt for at denne væska etter kvart kunne hamna i sjøen, men ved 14-tida var det ingen signal om dette. Statoil Mongstad var beden om å ha oljelenser i beredskap.
Tankanlegget vart etter kvart kjølt ned, slik at ei lang rekkje ventande media-utsendingar kunne koma inn på området.

(Bilete teke frå baker Oil Tools i Sløvåg like over kl. 10. Foto: Hanne Sofie Ynnesdal)
Starta litt før klokka 10
Brannen, som oppstod kort før klokka 10 var eksplosjonsarta, med store flammar og kraftig svart røyk, kunne Strilen observera frå Statoil Mongstad.
Fleire Strilen snakka med, karakteriserte det første smellet som kraftig, blant anna Gjert Rune Daae i BKK. han var då på ferjekaien i Sløvåg og seier at det small kraftig.
Statoil Mongstad sine taubåtar var i løpet av minuttar på veg over fjorden. Dei gjekk straks i gang med å få tankbåten «Karen Knutsen» frå kai og starta sløkking/nedkjøling.
? Me har i dag fått positive tilbakemeldingar frå Kystverket, som seier at innsatsen frå Statoil Mongstad medverka til at eksplosjonane ikkje fekk eit større skadeomfang, seier Ness til Strilen fredag ettermiddag.
Ferja mellom Leirvåg og Sløvåg stoppa å gå på grunn av denne hendinga. Det var ambulanse på plass i Sløvåg kort tid etter hendinga opplyste Gulen-lensmann Henry Indrebø litt etter klokka 10, men han kjende då ikkje til om nokon var skadde. Bedriftene i Sløvåg har evakuert sine tilsette, blant anna 50-60 tilsette ved Wergeland-Halsvik.
To ambulansar som rykka ut frå Knarvik, vart kalla tilbake etter å ha venta ei tid i Leirvåg. Tilbakemeldinga var at det ikkje var brukt for dei, fekk Strilen opplyst.
Ferja «Eidfjord» fekk etter kvart løyve til å gå til kai i Sløvåg. Med ferja var det mannskap frå Bergen brannvesen. Dei vil vera med og leggja ein plan for etterslokkinga. Ved 15-tida avgjorde også skadestadsleiinga at ferja kunne gå i vanleg rute att.
Ettersløkking pågjekk utover kvelden torsdag.
Gassky
Hans Wergeland i Wergeland-Halsvik opplyser til Strilen i 13-tida torsdag at bedrifta har gjennomført gassmålingar på industriområdet.
? Me har undersøkt med dei måleapparata me brukar i samband med arbeid i tankar. Målingane har ikkje gjeve utslag, slik at ein skal kunna gå i trygt i området utan maske, opplyste Hans Wergeland.
Politbetjent Geir Atle Hindenes stadfesta på same tida at det var observert ei gassky ved Dalsøyra i Gulen utan at han kunne seia kor farleg denne er. Fagfolk prøver å undersøkja om denne kan medføra helseskade, i den grad det er mogeleg. Blant anna Dalsøyra skule fekk pålegg om å halda elevane inne.
Det skal også ha vore gass i lufta over Nordbygda i Masfjorden utan at Strilen har fått nærare informasjon om dette så langt.
Trist dag
? Dette er ein utruleg trist dag for selskapet, men me må likevel vera glade for at ikkje menneskeliv gjekk tapt, seier dagleg leiar i selskapet Vest Tank, Jostein Berland.
Det er to tankar som er råka av brannen.
? Me kan no stadfesta 100% sikkert at ingen er sakna, sa Berland like før kl. 14. Han opplyser at selskapet har totalt 14-15 tankar ved anlegget i Sløvåg. Brannen fører mellom anna til at det vert stopp i mottaket av slam frå Nordsjøen.
Berland opplyser og at selskapet er forsikra. Han var etter kvart i samtalar med politi og brannvesen om kva som skulle skje vidare, etter at han var på møte i Bergen då brannen braut ut.
Store skadar
Strilen sin utsede var kl. 15.10 inne på skadestaden som første representant frå media. Brannen i trebrakka var då sløkt. Elles framstod dei to tankane heilt utbrende og forvridde, eit tydeleg vitnemål om dei kollosale kreftene som hadde vore i sving under eksplosjonane. Det viste då også lekkasje frå ein tredje tank, slik Bergen brannvesen sine folk har konstatert tidlegare.
Delar av den eine tanken vart kasta om lag 100 meter avgarde og låg ikkje langt frå vegen inn mot anlegget.
Dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, seier at det er botnslam, avfall frå oljeboring i Nordsjøen, som er på tankane. Han hadde pr. kl. 14.00 ikkje noko svar på kvifor brannen hadde oppstått. Avfallet frå oljeboring i Nordsjøen skal ikkje vera brennbart.
Utsendingar frå Norges Miljøvernforbund som Strilen snakka med, blant anna Jan-Hugo Holten, går ut frå at eksplosjonane må ha samband med reinhald av tankane, og at det på ein eller annan måte har danna seg brennbar gass.
Tankane «gammal dritt»
Elles stiller Holten seg kritisk til West Tank si verksemd i Sløvåg. Han meiner blant anna at internrutinar bør hindra at slike ulukker skjer. Holten opplyser også at West Tank hausten 2006 har søkt om utslepp av lågradioaktivt avfall, nok NMF har stillt seg negativ til.
Tankane i Sløvåg er gamle tankar «som kan beskrivast som skrot og burde vore kasserte», skriv Miljøvernforbundet på si heimeside. I overskrifta vert brukt «gammal dritt». Tankane kjem både frå Breivik i Bergen og frå Sola i Rogaland. Miljøvernforbundet er skeptisk til om Direktoratet for sikkerhet og beredskap har oversikt over alle tankane som ligg langs kysten, som er overtatt av selskap som skal lagra diverse både brannfarlege og giftige materialar. ? Miljvernforbundet har dei seinare åra motteke ei rekkje henvendingar, klager og kritikk på Vest Tank sitt anlegg, fortel Holten i følgje Miljøvernforbundet si heimeside www.nmf.no.

LEKKASJE: Bilete tatt like etter kl. 15.00, som
viser lekkasje av borekaks, avfall frå Nordsjøen,
frå ein tank som vart skadd .

KASTA 100 METER: Biletet viser delar av eine
tanken, som vart kasta kring 100 meter i samband
med eksplosjonen.

TRIST DAG: ? Dette er ein trist dag for West Tank,
seier dagleg leiar Jostein Berland, med delar av tank-
anlegget i bakgrunnen..

SKADESTADSLEIING: Skadestadleiar var lensmann
Ivar Holmaas i Masfjorden (t.v.), her i samtale med Gjert
Rune Daae i BKK, som stod i ferjekø i Sløvåg då det
small om lag kl. 10.00.

NEDKJØLING: Båtar frå Statoil Mongstad var
Tidleg i gang med sløkking og nedkjøling.
Biletet er tatt ca. kl. 11.15.

Dagleg leiar Lars Hellandsjø (i kvitt) i
samtale med industrieigar Hans Wergeland i
Wergeland Halsvik, som opna dørene sine for
skadestadleiinga. T.h. politbetjent Geir Atle
Hindenes, som var «utlånt» frå Lindås og
Meland lensmannskontor.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




