Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Glade båtpendlarar, men ingen lang kø

Glade båtpendlarar, men ingen lang kø

Del | |

Snøggbåt i gang att etter 17 år.

Publisert 05.12.11 07:36
Endret 05.12.11 12:27

– Eg bestemte meg for å ta båten straks det vart avklart at BNR skulle starta rute, seier Hildegunn Alver, første passasjer ombord på første turen frå Knarvik måndag morgon.

– Midt i blinken også for oss. Tenk å sleppa busskø i Åsane, seier to av dei første passasjerane frå Frekhaug, Turid Hesjedal og Bjørn Steffen Thorsen.

Også Marie Morken og Johan Myking frå Nordhordland Pendlarforening var på plass på første turen frå Knarvik, med T-skjorter frå 1994 då den førre snøgbåten slutta å gå.

«Eg var ein båtpendlar» stod det på skjortene.

«Hardangerprinsen» frå det private selskapet BNR tok alle pendlarane inn til Bergen heilt i rute. Presis klokka 06.45 la båten til på Nøstet, etter å ha gått frå Knarvik klokka 06.15 og frå Frekhaug nokså nøyaktig kl. 06.20. Og kring åtte minuttar over sju var båten tilbake i Knarvik.

Der kom det ombord ni passasjerar, det same som på første turen. På første turen kom det med seks passasjerar på Frekhaug, pluss at ordførar Nils Marton Aadland kom ombord med blomsterbukett til adm.dir. Trygve Tønnessen.

BNR sin styreleiar Helge Skår var med på første turen frå Nøstes. Han seier at ein vil følgja med passasjertal og økonomi for den nye ruta, samstundes som ein vil jobba for å få ein kortavtale med Skyss for å kombinera bått og buss.

BNR har og kjøpt både grunnen og det nedfalls venteskuret i Knarvik, for å setja det i stand til bruk for båtpassasjerane.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt