Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Glade sjølvbyggjarar imponerte Haga

Del | |
MELAND: Sjølvbyggjarane Jostein (45) og Jan Erik (36) håpar å få seg eige hus i Meland. Kommunalministeren let seg imponera over «fresk» lokal satsing.  
Publisert 10.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Ja, dette har betydd veldig mykje for meg!

Det er svaret kommunaminister Åslaug Haga får når ho spør Jostein Haugland om han har kome seg på beina i Meland kommune.

Før Haga var på plass, hadde ordføraren fått god attest frå Haugland. Etter eit omflakkande liv, framhevar han Meland som den beste kommunen han har budd i.

Statsråd Haga verka tysdag tydeleg imponert då ho vart orientert om Meland sitt sølvbyggjarprosjekt. Prosjektet inngår som tiltak nr. 9 i kommunen sin bustadsosiale handlingsplan.

Jostein Haugland og Jan Erik Deleeuw har begge hatt visse psykiske problem. Begge ser no fram til at dei kan busetja seg i Meland, som ein del av handlingsplanen.

Dei to er med og set i stand Knarretun på Frekhaug for personar med psykiske og/eller rusproblem. Huset vart flytta kring 1920 frå Sotra. Sjølv håpar dei å koma under tak i andre bustader som etter planen skal koma, truleg på Holme.

 

? Fresk satsing

? Dette er jammen fresk satsing, utbraut Åslaug Haga etter å ha lytta til kommunen sin orientering.

Tonen indikerte kanskje også eit ørlite spørsmålsteikn til om pilot-prosjektet i Meland vil koma i mål. Men Haga føyde raskt til:

? Dette er også stort. Og avslutningsvis sa ho at «Det er berre å la seg imponera».

Ministeren hadde spesielt ønskt å få vita meir om prosjektet. Ho noterte flittig undervegs.

? Og det er spesielt hyggeleg å høyra alle godorda om Husbanken sin medverknad. Det er veldig bra at den er med i slike prosjekt. Kommunen omset gode ønskje til noko heilskapleg. Eg kan ikkje skjøna anna enn at dette er eit glimrande eksempel som må «ut i den store verda», var attesten frå Haga.

 

God tilbakemelding

Ordførar Solbjørg Sandvik Åmdal ønskte Haga vellkomen til Frekhaug. Høgre-ordføraren gav Sp-statsråden ros for runden mange statsrådar gjorde rundt i landet.

Sandvik Åmdal viste til at Meland er under statleg kontroll økonomisk.

? Men me har ikkje lagt oss ned og vorte apatiske av den grunn. Me føler at me får til ein god del med dei ressursane me har. Det er også flott av regjeringa å satsa på kommunane, slik Haga går inn for. Eg tør å seia det... utan at eg skal verta mistydd!

Ordføraren la likevel ikkje skjul på at bynære kommunar som Meland slit økonomisk.

? Så me kan ikkje gjera alt utan meir pengar! sa Åmdal Sandvik.

 

«Frå fengsel til hus»

Kommunalsjef Frode Wikne og prosjektleiar Roar Hansen gjekk meir detaljert inn på Meland sitt sjølvbyggjar-prosjekt.

Hansen viste til at det mellom anna er «hardt belasta» som skal få hjelp med tak over hovudet. I tillegg til folk med psykiske problem, kan det såleis også vera rusmisbrukarar og dei som måtte ha hamna i fengsel.

Tømrarlaget som no er i gang med å opprusta Knarretun, er meint å gje seks-åtte eit arbeidstilbod. Prosjektet omfattar også utvikling av eit pilothus. Satsinga kan og hjelpa folk som kjem i fengsel til å koma ut til ein ferdig bustad.

? Me har fått lov til å prøva og feila i fem år. Me vil presentera modellen for andre kommunar, sa Roar Hansen.

Byggjeleiar Bjarte Langøy sa at dei som er med på opplegget, viser stor innsatsvilje.

? Det er eigentleg respektlaust ikkje å forventa noko av folk! sa Frode Wikne om litt av filosofien bak satsinga. Så langt hadde byggjeleinga berre registrert ein dag fråvær utan godkjend grunn.

Ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik peika og på ansvaret for unge som kjem på skråplanet:

? Me har ikkje lov å gje opp ungdommen, sjølv om dei kjem skeivt ut og kanskje i fengsel.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt