Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gledestårer etter NM-innsats

Del | |
Tårene spratt fram då basstrombonist Camilla Søderstrøm Tveit frå Manger Musikklag fekk solistprisen under NM for brass band laurdag. MML si slagverkgruppe fekk også prisen for beste gruppe. Men sjølve NM-tittelen gjekk til Stavanger.
Publisert 15.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Eg veit ikkje heilt kva som skjedde. Eg tek ikkje vanlegvis så lett til tårene, seier ein glad basstrombonist etter premieutdelinga i Grieghallen laurdag.
Presset er enormt når det står ein frå kvart korps på scena framfor ein fullsett Grieghall og resultata vert lesne opp. Det er ikkje lett å halda tilbake kjensler i ein slik situasjon.

Nøgd med andreplass
Camilla Søderstrøm Tveit var også nøgd med at Manger Musikklag kom på andreplass, sjølv om ho ikkje var hundre prosent nøgd med korpset si framføring av plikt- og sjølvvald nummer. Stavanger Brass Band vann med berre eit halvt poeng framfor Manger Musikklag. Det vert dermed Stavanger som skal representera Noreg i EM neste år.
Favorittane før NM og noregsmeistrar i fjor, Eikanger Bjørsvik Musikklag, kom på tredjeplass.

Satsar på EM
? Det er klart me er skuffa, seier Christian Lura, leiar i EBML.  ? Men no må me berre fokusera på deltakinga i EM i april. Vinn me der vert me automatisk kvalifiserte til EM neste år, smiler han.
EBML var godt nøgde med framføringane sine. Det er lite å gjera med at dommarane føretrekk andre tolkingar, seier Lura.

Nytt stykke
Manger Musikklag spela eit heilt nytt stykke, «Cantigas», som vart skrive til MML av Torstein Aagaard-Nilsen og urframført førre søndag. Aagaard-Nilsen var oppglødd etter framføringa i Grieghallen, og kom og fram på scena og gratulerte korpset.
? Det er fantastisk når ein kan ha slike ambassadørar som framfører musikken sin, seier komponisten til Strilen etter framføringa.
Han seier at han tok omsyn til besetninga i MML då han skreiv stykket. Når han til dømes visste at Camilla Søderstrøm Tveit skulle spela basstrombone i MML frå i fjor haust av, la han inn ein krevjande og flott basstrombonesolo i stykket. Tveit vann og solistprisen etter den solistinnsatsen.

Brødreduell
MML sin nye dirigent, Dr. Robert Childs, var godt nøgd med innsatsen til korpset og ikkje minst med det sjølvvalde stykket «Cantigas» av Aagaard-Nilsen.
? Eg var litt skeptisk i starten, då eg høyrde at stykket starta med ni minuttar med roleg musikk. I konkurransar kan det vera vanskeleg. Men det fungerte veldig bra, seier ein svett, men glad Childs.
Han forklarar at det er tøft arbeid å vera dirigent for ein av Aagaard-Nilsen sine komposisjonar, då det er mange rytme- og taktendringar.
Robert er og broren til EBML-dirigent Nicholas Childs.
? Korleis er det å konkurrera med broren din?
? Det er me vane med. Han er min beste ven. Eg var ein av dei første til å gratulera han etter den flotte framføringa til EBML, og han var ein av dei første til å gratulera meg, smiler Robert Childs.

Radøy skuffa
Radøy Brass kom på 8. plass i 1. divisjon
? Me har brukt å koma i alle fall blant dei fem beste, så det er klart me er skuffa over denne plasseringa, seier Kjartan Sylta.
Korpset har og vunne divisjonen tidlegare. Sylta meiner at korpset i år er betre enn i fjor, og dei har og gjort det bra i Siddis Brass. Dei var ikkje hundre prosent nøgde med spelinga, men 8. plass var likevel i underkant av kva dei hadde venta.
 

Ikkje nøgd med plasseringa
? Ein av dommarane skriv også at han ikkje likte stykket. Me hadde difor ikkje hatt noko imot at alle korpsa spelte eit pliktnummer, slik at det var lettare å samanlikna korpsa, seier han.
Oster Brass kom på 9. plass i 1. divisjon.
? Me er nøgde med spelinga, men sjølvsagt ikkje med plasseringa. Vårt mål er å hevda oss i øvste halvdel av divisjonen, seier Birthe Kråkenes i Oster Brass.
Dei hadde vald eit vanskeleg stykke med utfordringar i alle instrumentgrupper. Dette var viktig for utviklinga av korpset, fortel Kråkenes.

 

Resultat:

Elitedivisjon:

1. Stavanger Brass Band, dir. Russell Gray, poeng: 98+95/96.5

2. Manger Musikklag, dir. Robert Childs, poeng: 94+98/96

3. Eikanger-Bjørsvik Musikklag, dir. Nicholas J. Childs, poeng. 92+96/94

4. Oslofjord Brass, dir. Michael Antrobus, poeng: 96+87/91.5

5. Molde Brass Band, dir. Garry E. Cutt, poeng: 90+91/90.5

6. Sandefjord Brass Symposium, dir. Ray Farr, poeng: 89+90/89.5

7. Ila Brass Band, dir. Trond Korsgård, poeng: 88+90/89

8. Tertnes Brass, dir. Bjørn Breistein, poeng: 93+84/88.5

9. Krohnengen Brass Band, dir. Allan Withington, poeng: 85+92/88.5

10. Jaren Hornmusikkforening, dir: Helge Haukås, poeng: 87+86/86.5

 

Beste solist: Basstrombone, Manger Musikklag

Beste gruppe: Slagverk, Manger Musikklag

 

1. divisjon

1. Tomra Brass Band, dir. Frans Violet, poeng: 95

2. Oslo Brassband, dir. Michael Antrobus, poeng: 94

3. Kleppe Musikklag, dir. Eirik Gjerdevik, poeng: 92

4. Sola Brass Band, dir. Rune Gundersen, poeng: 91

5. Alexander Brass Band, dir. Morten E. Hansen, poeng: 90

6. Askøy Brass Band, dir. Helge Haukås, poeng: 89

7. Haukås Musikklag, dir. Thor-Arne Pedersen, poeng: 88

8. Radøy Brass, dir. Gareth Pritchard, poeng: 87

9. Oster Brass, dir. Reid Gilje, poeng: 85

10. Brøttum Brass, dir. Thorbjørn Lunde, poeng: 84

11. Tromsø Brass, dir. Robert Jensen, poeng: 82

12. Vennesla Kristne Brass, dir. David Tellefsen, poeng: 80

 

3. divisjon:

Austrheim/Lindås Musikklag kom på 9. plass i 3. divisjon med 87 poeng. Dirigent var Pål Magne Austnes. Vinnar i denne divisjonen var Jølster Musikklag, som vann med 98 poeng.

? Me var strålande nøgde både med spelinga og oppkøyringa til NM, men ikkje med plasseringa. Men det var kjekt for det, seier Nordis Helene Holmås.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt