Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gode dagar i oppdrett

Del | |
Lakseoppdrettarar har svært gode dagar for tida. Prisane er høge og stig framleis. Ei årsak kan vera fugleinfluensaen, som gjer at mange forbrukarar erstattar kylling med laks.
Publisert 01.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Prisane ligg no på mellom 35 og 37 kroner kg, og det er høgt. Det er klart at dette er positivt for oss, seier Ola Braanaas i Firda Mangement AS. Selskapet er ein av dei største aktørane innan lakseoppdrett i regionen.

Mogleg rekordår
Braanaas ser ikkje vekk frå at 2006 kan koma til å verta eit år på høgde med rekordåret 2000. Då var lakseprisen oppe i 41 kroner per kg på det høgaste.
? Denne utviklinga er likevel ikkje uventa. Me har forutsett dette i to år, seier Braanaas.
Men samstundes åtvarar Braanaas mot trua på at prisane skal halda seg høge. Dei er vane med store svingingar i denne bransjen. Det som medverkar til dei høge prisane no er at det er mange som vil ha laks til påske i EU-landa. I tillegg fører frykt for fugleinfluensa til at ein et mindre kylling i EU-landa. Braanaas viser til at kyllingforbruket i Italia er redusert med 80 prosent, og 25 prosent i Frankrike. Mange erstattar kylling med laks, då dei vil ha trygg og sunn mat, fortel oppdrettaren.

Tener pengar
Dei lokale oppdrettarane som har mykje laks å selja tener altså gode pengar for tida. Braanaas meiner dette er svært viktig for mange oppdrettarar, då prisane har vore låge i periodar dei siste åra.
Enkelte meiner og at dersom Russland opnar opp for import av fersk laks frå Noreg att, vil dette auka prisane endå meir. Braanaas trur ikkje lakseprisen kjem til å stiga så svært mykje som følgje av dette, då det og handlar om kva russarane har evne og vilje til å betala.
Prisane vil og verta påverka av kor mykje laks som vert produsert. Men han skulle gjerne ha sett at konsumentane var villige til å betala meir for laksen, då det handlar om sunn og god mat.


Men og permitteringar
 Medan fiskeoppdrettarane har gode tider, slit foredlingsverksemdene i heile Europa på grunn av høge råvareprisar. I Bøvågen er det permitteringar på gang hjå SMP Marine Produkter, og dei tilsette arbeider no berre tre dagar i veka.
? Råvareprisen har gått til himmels den siste tida, og det er sjølvsagt negativt for foredlingsverksemdene, seier Erling Bjarke i SMP.
Han seier at det for tida går mykje laks frå norske oppdrettarar til EU-landa, der prisane er svært gode for tida. I tillegg spelar nok fugleinfluensaen ei stor rolle, meiner han.
? I enkelte land er forbruket av kylling redusert kraftig på grunn av fugleinfluensaen. Dette vert av mange erstatta med laks. Når det i tillegg snart er påske, då etterspørselen etter laks alltid er stor i Europa, vert prisane høge, seier Bjarke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt