Grønt lys for Stevnebø på Ikenberget
Endret 20.08.07 10:49
? Leiaren i utvalet, Kjartan Nyhammer, må ha vorte utsett for eit indirekte press for å ta saka oppatt og gje ein dispensasjon, sa Ståle Hauge i Ikenberget vel etter møtet.
Både han, Atle Gunnarson, Trond Øystein Heradstveit og Ole Fredrik Skulstad gjekk til frontalangrep mot Nyhammer og andre i planutvalet kort etter det 40 minuttar lange møtet.
«Grei dialog»
? De skyt dykk sjølve i foten med dette vedtaket, sa Hauge til Terje Aarvik. Den vurderinga delte ikkje Aarvik, som argumenterte for at bebuarane sine interesser vert betre ivaretekne med det nye vedtaket enn tidlegare. Aarvik seier at han ikkje deler Strilen sin bruk av uttrykket «heftig krangel» på nettsida like etter møtet.
? Eg føler eg har ein grei dialog med folk på Ikenberget. Ein kunne risikert gjennomkøyring. No kan ein få ei mellombels og betre løysing, seier Aarvik. Vegen han fekk fleirtal for dersom ikkje andre løysingar vert funne, kan koma på nedsida av den etablerte røyrleggjarbedrifta Stendal VVS, parallelt med dagens veg i bustadfeltet. Det vert ei kort strekning inn mot næringsområdet, ei kompromissløysing alle partar må kunna leva med, argumenterte Aarvik.
? Skuffa
? Det er klart me er skuffa etter møtet, seier Atle Gunnarson i Ikenberget Vel. Han synest det er greitt å kalla debatten etter møtet ein krangel.
For nøyaktig 14 dagar sidan la eit klart fleirtal i det same plan-utvalet ned byggje- og delingsforbod i området der grunnarbeida til Byggkjøp-anlegget pågjekk for fullt. Vedtaket seier at «Det vert snarast sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobba med trafikkavviklinga til/frå næringsarealet på Ikenberget».
I gruppa skulle vera med folk frå planutvalet, administrasjonen, Lindås tomteselskap, grunneigarane, Ikenberget velforening og vegvesenet. Før utvalet har hatt sitt første møte, går planutvalet tilbake på byggjestoppen og gjev dispensasjon. Men utvalet skal framleis setjast ned, og planutvalet skal oppdaterast i framdrifta med å finna ei betre trafikkløysing.
Vedtaket i går vart gjort mot Frp sine to røyster, Øystein Moldeklev og Bjarte Vatnøy.
? Verta påverka
? Me kan ikkje finna oss i å verta påverka av at det kan verta ei rettssak. Eg har problem med å hoppa og spretta frå tue til tue, sa Moldeklev.
Leiar Kjartan Nyhammer meinte likevel det var rett å oppheva byggjestoppen etter møtet der ordførar og utbyggjar hadde vore med kvelden før.
? Der var det ei felles forståing for kva som bør gjerast vidare, sa Nyhammer.
Vedtaket som fekk fleirtal, legg også opp til å starta opp med ei reguleringsendring for eit litt større område. Eit punkt seier at det hastar med å få på plass ei ny trafikkløysing.
Dersom ikkje betre vegløysingar vert funne, skal det lagast ein ny mellombels veg, som Aarvik gjorde framlegg om, og som er omtalt ovanfor.
«Gå ikkje til pressa»
? På møtet tysdag kveld gav utvalsleiar Kjartan Nyhammer klar melding til oss om at det, for samarbeidsklimaet sin del, var ønskjeleg at lokalpressa ikkje fekk vita om møtet som planutvalet skulle ha, sa Ole Fredrik Skulstad og Atle Gunnarson i Ikenberget Vel.
? Når Ikenberget vel sine utsendingar hevdar at lokalpressa ikkje måtte få vita om dette møtet, er dette feilsitering. Det eg bad om, var at denne saka ikkje vert haussa endå meir opp gjennom t.d. lesarinnlegg, seier Nyhammer.
Atle Gunnarson seier i etterkant at Strilen må ha feiloppfatta etter møtet. Men det er rett at Nyhammer bed Ikenberget vel ikkje føra nokon debatt i lokalavisene.
Nyhammer vedgår etter møtet at kjemien til folk på Ikenberget ikkje er særleg god etter opphevinga av byggjeforbodet.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




