Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Grov vald i Isdal

Del | |
LINDÅS: Ein ung mann vart natt til 2. juledag sendt til sjukehus med alvorlege skadar etter å ha vorte slått ned utanfor Garveriet. 
Publisert 28.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Me ser på valdsepisoden som svært alvorleg. Saka vil verta etterforska nøye og det vil enda med offentleg påtale, seier politibetjent Harald Romarheim ved Lindås og Meland lensmannskontor.

 

På kaia

Romarheim opplyser at slagsmålet fann stad på kaia utanfor Garveriet. Då politiet kom til staden var offeret hardt forslått, særleg i andletet. Tilstanden vart vurdert så alvorleg at mannen vart sendt til Haukeland sjukehus for observasjon. Men offeret skal no vera i god form, og politiet vil dermed om kort tid ta opp forklaring.

? Hendinga er så alvorleg at det vil verta straffesak av forholdet, seier politibetjenten.

 

Gjengangar

Romarheim opplyser også at gjerningsmannen er kjend for politiet, og at han etter kvart har vorte ein gjengangar i valdsmiljøet. Hendinga på Garveriet er den andre i Isdal på kort tid. Rett før jul var det også eit alvorleg masseslagsmål ved skjenkestaden i Isdalstø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt