Grundig leie av regnver
Endret 20.08.07 10:49
Det har heller ikkje Tor Taule frå Nesttun, og han har jobba i same selskap sidan 1973.
Når Strilen snakkar med dei, har dei ein etterlengt pause i arbeidet på veganlegget i Romarheimsdalen. Inne i brakka er det varmt, og ikkje minst tørt, og det freistar ikkje mykje å gå ut att i regnet.
Røyner på
- Det er klart det røyner på med slikt ver. No begynner eg å verta ganske lei. Og hugs. Det regnar endå meir her inne enn ute ved kysten, seier Taule.
Og det er ikkje berre utriveleg med alt regnet. Det gjer arbeidet tyngre år, når ein må ha på seg full oljehyre og sjøstøvlar heile tida.
? Du kan prisa deg lukkeleg, du, som har valt eit yrke der du kan vera inne, seier dei vendt til journalisten.
Taule vedgår at det ikkje akkurat er freistande å gå på jobb når regnet silar ned dag etter dag. Og ulempestillegg får dei heller ikkje på grunn av veret.
Slepp snø
? Men me får prøva å sjå det positive i det. Me slepp i alle fall å moka snø, skyt Leif Jarle Helland, tredjemann i brakka, inn.
Bergensaren vedgår at det må litt galgenhumor til for å overleva i det veret som har vore dei siste to månadene.
? Dg så hadde me ein fin sommar og haust fram til slutten av oktober. Det er lett å gløyma etter det veret som har vore dei siste månadene, seier han.
Arbeidslaget byggjer bruer på det nye veganlegget på E 39. Til no har dei bygt tre og er i sving med den fjerde, ved Gamlesetra. Der skal dei også byggja ei femte. Etter det vert det nok litt muring og anna arbeid på anlegget, slik at dei reknar med å vera der i alle fall fram til sommaren.
God mat
Om ikkje veret gjev så mykje grunn til glede, finst der andre ting å gleda seg over i livet, som maten i brakkeleiren på Romarheim.
? Den er berre topp, det må du få med, seier Leif Jarle og får full støtte av Tor. Dei to bur i brakkeleiren frå søndag kveld til torsdag. Fredag har dei fri fordi dei jobbar frå sju om morgonen til seks om ettermiddagen fire dagar i veka.
? Det er for langt å køyra heim, i alle fall no på vinteren, seier dei.
Men dei vedgår at å jobba lange dagar kjennest ekstra lenge i det veret som no er.
? Då er pausane i brakka kjærkomne, seier dei før dei hufsar seg ut i regnet igjen.
FAKTA:
Etter at ein begynte å registrera nedbøren, har det ikkje regna så lenge i samanheng på våre kantar. I dag har det vore 75 dagar med nedbør i Bergen, og det regnar endå meir i Romarheimsdalen. Førre rekord var 59 dagar, og den var i 1974/75. Truleg har det kome over to meter regn i Romarheimsdalen i løpet av denne tida.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




