«Grunnlag for snøggbåt»
Det er potensiale for ny snøggbåtrute mellom Nordhordland og Bergen, viser ein fersk rapport.
Endret 30.09.11 17:53
– 80 prosent av befolkninga i Meland, Lindås og Radøy seier at dei vil benytta seg av eit slikt tilbod, går det fram av ein rapport selskapet Synovate har utarbeidd for Hordaland fylkeskommune
I følgje rapporten vil 51 prosent av dei spurte velja båten framfor privatbil. 47 prosent svarer at dei vil velja båten framfor buss.Reisetida er estimert til 30-35 minuttar.Rapporten skal drøftast nærare i samferdselsutvalet 5. oktober, og i fylkesutvalet 13. oktober.
Saka vert lagt fram for politikarane utan tilråding frå fylkesrådmannen.
Prisen viktig
Det var i juli i år Skyss inngjekk kontrakt om å få gjort marknadsundersøkinga som no er klar. Rapporten er basert på telefonintervju av eit utval av innbyggjarar over 18 år i dei tre kommunane.
Totalt er det gjort 502 intervju.
Svara viser, naturleg nok, at prisen er avgjerande for interessa for å bruka båt i staden for privatbil eller buss.Mellom Knarvik og Bergen vil truleg berre 38 prosent av dei spurde vera villige til å betala ein billett på 94 kroner.
Går prisen ned i 34 kroner, aukar prosenten til 65.På Frekhaug-Bergen vil truleg berre 18 prosent ta båten om billetten er såpass dyr som 94 kroner, mot 28 prosent ved ein pris på 34 kroner.
Må gå ofte
Av svara har Synovate koma fram til fire viktige vilkår for at folk verkeleg vil bruka eit tilbod om snøggbåt. Det er at båten går fram til kl. 18.00 på kvardagar, at avgangane er hyppige, at båten går til Strandkaien og at det er god parkering i Knarvik og på Frekhaug.
For 4 av 5 er det viktig at båten har felles billettsystem med bussane som Skyss organiserer. Men ein av fem seier at dei uansett vil nytta snøggbåten.
Heile artikkelen kan du lesa i Strilen laurdag.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




