Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gulingar kan få skatt på hus og hytter

Del | |
GULEN: Skal det innførast eigedomsskatt på hus og hytter i kommunen? Det spørsmålet skal kommunestyret i Gulen drøfta torsdag ettermiddag.
Publisert 31.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Bakgrunnen er at det har kome ei lovendring som opnar for at det kan innførast eigedomsskatt på hus og hytter også utanfor tettbygde strøk. Det kan det ikkje i dag.
I dag har kommunen eigedomsskatt på verk og bruk, det vil seia industrianlegg og andre næringseigedommar.

Same reglar
Ordførar Trude Brosvik (KrF) antyda tidlegare i år at det ville koma ei sak om innføring av skatt på hus og hytter, fordi dette kan verta ei kjærkomen inntektskjelde for kommunen. Då sa ho at der måtte vera eit botnfrådrag på bustadhus, slik at den nye skatten ikkje skulle slå uheldig ut sosialt. Men i lova vert det presisert at det ikkje kan vera andre reglar for botnfrådrag på hytter som på hus.

Tre millionar
I Gulen er det no 979 bustader og 707 fritidshus som kan koma inn under lova. Viss eigedomsskatten vert i gjennomsnitt 2000 kroner per eining, vil det gje kommunen nye inntekter på nesten 3,4 millionar kroner i året.
Ordninga kan tidlegast innførast i 2008.
Jordbrukseigedommar og statlege eigedommar kjem ikkje inn under lova.
Saka vert lagd fram utan tilråding frå administrasjonen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt