Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Gutar stal og omlakkerte bil

Del | |
LINDÅS: To gutar på 13 og 14 år og ein syttenåring stal i helga ein bil frå Isdalstø Auto. Så køyrde til Frekhaug og prøvde å lakkera om bilen, for turen enda i grøfta.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

? Det er ganske utruleg at så unge gutar er med på slikt, seier politiførstebetjent Ove Hindenes ved Lindås og Meland lensmannskontor, etter at to gutar på 13 og 14 år frå distriktet vart tekne for biltjuveri i helga. Saman med ein syttenåring frå Bergen braut dei seg inn på området til Isdalstø Auto i Knarvik fredag kveld.Dette gjorde dei ved å klippa opp nettinggjerdet ved sida av porten. Inne på området fann dei ein bil der startnøkkelen låg i askebegeret. Bilen starta dei så, køyrde han ut gjennom opninga i gjerdet og til Frekhaug.


Lakkera om
Dei køyrde bilen til eit nedlagt fabrikkområde, der dei prøvde å lakkera bilen om frå blå til svart med spraymaling dei hadde skaffa seg. Men dei hadde ikkje nok lakk til å lakkera heile bilen. Så tok dei seg ein tur rundt på Frekhaug, og bilturen enda i ei vegskråning ved Dalevatnet på Sagstad. - Me fekk melding om bilen rundt halv eitt om natta. Då me rykte ut, trefte me ungdommane gåande langs vegen, fortel Hindenes. Dei har vedgått at det er dei som står bak tjuveriet.


Byta skilt
- Me spurde dei om dei ikkje var klar over at stolne bilar vert etterlyste med skilt. Då svara dei at dei hadde tenkt å la bilen stå nokre dagar. Så skulle dei prøva å få prøveskilt på han, seier Hindenes. Han er noko forskrekka over at så unge gutar planlegg noko slikt, for det er tydleg at det ligg ei viss planlegging bak. Den eldste guten skal også ha vore innblanda i liknande tilhøve tidlegare. - Men dei er vel for unge til å forstå rekkevidda av det dei gjer, seier Hindenes. Både 17-åringen og 14-åringen skal ha køyrt bilen. Saka vert no etterforska. For dei to yngste gutane vert det ei sak for barnevernet.

Forskrekka
Då Strilen var innom Isdalstø Auto i går ettermiddag, var bilen alt lakkert tilbake til sin opphavelege farge. - Han tilhøyrer ei eldre dame på Radøy, og ho vart ganske forskrekka då politiet ringde henne natt til laurdag, seier Gustav Eide, innehavar av Isdalstø Auto, til Strilen. Dama er for tida på ferie i utlandet.


Lettkledde
Inne i bilen fann dei verkstadtilsette to bilde av lettkledde damer og eit sportsratt. - Dette er neppe noko som var i bilen før tjuveriet, seier Eide.Heldigvis har bilen nesten ikkje fått skadar i utforkøyringa, berre nokre skrammer på skjermen. - Men då me henta bilen, stod han så på vippen at det berre skulle litt til før at han gjekk rundt, seier Eide. Dei unge biltjuvane har difor hatt flaks at det ikkje gjekk verre. Når det gjeld nøkkelen som tjuvane fann i askebegeret, er det noko som verkstaden ikkje var klar over.   - Det er nok reservenøklar som eigaren har lagt der, seier Eide.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt