Hærverk fører til færre postkassar
Endret 20.08.07 10:49
Distribusjonsleiar Terje Løseth har det same utgangspunktet. På Haugland på Radøy, der to kassar manglar, reknar han med at det berre kjem ein tilbake. Men han presiserer også at om kassar vert tatt bort, skal kundane få skriftleg melding om dette.
? Lova å ordna
Det er Bernt Haugland som har kontakta Strilen om kassane som er vorte borte på Haugland.
? Eine stod litt oppe på Lilletveitvegen, den andre ved krysset der vegen tek av frå hovudvegen. Eg er god til beins, så for min del er det greitt nok. Eg kan sykla ned i Bøvågen. Men det er ein del eldre folk i området, og for dei er det ikkje like enkelt, påpeikar Haugland. Han synest det har gått såpass lang tid at nye kassar burde vore på plass.
Han ringte til Posten Norge for ein månads tid sidan. Etter å ha fått forklart kor Radøy var i landet, fekk han til svar at det skulle ordnast med nye kassar. Haugland har også meldt frå til landpostboda utan at dette har gjeve synlege resultat så langt.
? Eg har fem raude kassar her ved kontoret på Manger. Det vert nok berre sett opp att ein på Haugland. Grunnen er at me har hatt hærverk på kassane der tre gonger. Det er vel ungdommar som har lagt sin «elsk» på dei. Dessutan er det ein av dei som er svært lite nytta, seier distribusjonsleiar Løseth.
Han har ansvaret for fleire kommunar. I Nordhordland og Gulen er det særleg i Radøy og Masfjorden det har vore mykje hærverk den siste tida. Det gjer at det er rift etter nye kassar.
? Godt vande
? I Nordhordland er nok folk svært godt vande med raude postkassar. Dei står tettare enn mange andre stader, seier Jan B. Thorsheim.
? Dei står altfor tett! synest kollega Terje Løseth. Han viser til at det vert brukt vel mykje ressursar om Posten må køyra fem-ti minutt ekstra kvar dag og berre finna eit brev i kassen i veka.
Begge trur hærverk og liten bruk av kassane på sikt vil føra til færre raude postkassar mange stader i landet.
Men både dei og informasjonssjef Eivind Rossen presiserer at det ikkje er Posten sin politikk å kutta talet raude postkassar på landsbygda.
? I store byar som Oslo, Trondheim og Bergen er me i gang med ei «opprydding». Det tyder ikkje nødvendigvis færre kassar. Til dømes kan me skifta ut fem små kassar med to større. Poenget med ryddinga er å ha kassar der folk ferdast, seier Rossen.
? Men Posten gjer vel dette også for å spara pengar?
? Nei, dette prosjektet har ikkje innsparingar som siktemål. Elles skulle me gjerne ha sett at kassane våre fekk stå i fred, seier Eivind Rossen.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




