Håpar å rydda opp til påske
Endret 20.08.07 10:49
Startar strandreinsing
Målet er å verta ferdige før trekkfuglane kjem til desse områda, og før turistar og hyttefolk strøymer til Nordhordland. IUA hadde søndag 135 mann i sving med oppryddinga ulike stader etter Server-forliset. Dei aller fleste av desse er mannskap frå kommunar og brannvesen.
? Eg er veldig godt nøgd med den jobben desse mannskapa gjer, seier Isaksen.
Denne veka starta arbeidet i fjøra for fullt, med raking, spyling av berg og liknande. Isaksen seier det no er lite olje som flyt i sjøen.
På Fedje var det søndag 30 mann i sving, fire båtar og tre ferjer. På Askøy var det 11 mann i arbeid, to båtar samt Hamnevesenet sin båt Sydnes. I Austrheim 17 mann og tre båtar, i Øygarden 22 mann og fem båtar og i Solund 12 mann og fem båtar. I tillegg vart det drive rekognosering i Gulen og på Radøy, opplyser IUA.
150 kubikk oljemasse
Dei hadde innan søndag fått teke opp 86 kubikk med oljemasse i Austrheim, 62,5 kubikk ved Fedje og 6,5 kubikk ved Askøy, fortel Isaksen. Dette utgjer både olje, forureina tang og vrakgods og litt vatn. Isaksen seier at dei reknar med at oppryddinga tek mindre tid denne gongen enn etter Rocknes-forliset, då Rocknes-forliset skjedde så langt inn i fjordane.
Isaksen reknar det no som lite aktuelt å trekkja inn Leif Øksnes sin båt Evjegris eller slamsugar i det vidare oppryddingsarbeidet. Slik det no ser ut er det lite flytande olje å sjå, så no vert det i all hovudsak snakk om raking og reingjering av strender og svaberg, meiner han.
Miniubåt
Ein miniubåt skal onsdag prøva å undersøkja akterskipet av Server for å avklara om det er fare for ytterlegare oljesøl. Akterskipet ligg på grunn like ved Hellisøy fyr sør på Fedje. Det er forsikringsselskapet Gard som har leigd eit firma til å føreta undersøkinga.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




