Håpar å vera med på rakettoppskyting
ANDØYA/MELAND: Christian Holvik (17) frå Frekhaug er på European Space Camp på Andøya. Han håpar å få med seg rakettoppskyting.
Endret 27.06.12 15:03
– Det har vore veldig interessant til no. Me har lært ein del om korleis rakettar fungerer, seier Christian Holvik på telefon frå Andøya Rakettskytefelt, lengst nord i Nordland.
17-åringen frå Meland er ein av 24 heldige ungdommar frå seks ulike land som får vera med på European Space Camp.
Leiren starta 24. juni og skal vara til 1. juli.
Byggja rakett
– No skal me begynna å byggja raketten som me skal skyta opp, fortel Christian.
Deltakarane vert delte opp i fem grupper som skal byggja kvar sin del av raketten. Kvar gruppe har med seg ein gruppeleiar som har greie på rakettar.
Det store målte er at raketten, som er 1,7 meter høg, skal skytast opp i verdsrommet på slutten av leiropphaldet. Viss alt går etter planen, skal raketten nå ei høgde på 9.000 meter.
Søknad
Christian Holvik er elev ved Knarvik vidaregåande skule, og den store interessa er realfag, og då spesielt fysikk.
For å få vera med på romfartsleiren måtte han senda inn ein søknad på førehand der han forklarte litt om seg sjølv og kvifor han ønskte å vera med på leiren. Han var heldig å verta plukka ut, saman med Christoffer Vikebø Nesse, også han frå Meland.
Leiren er sponsa av Hordaland fylkeskommune, slik at Christian berre må dekka reisa til og frå Andøya sjølv.
Studera fysikk
Christian fortel at han er interessert i romfart, og kanskje spesielt kva som finst ute i verdsrommet.
Når han er ferdig på vidaregåande, har han planar om å studera fysikk ved Universitetet i Bergen. Om det vert romfart eller noko anna han vil jobba med seinare, veit han ikkje.
European Space Camp, som er for ungdom mellom 17 og 20 år, vert arrangert på Andøya kvart år. Det er stor interesse for å vera med, så det er ei fjør i hatten å verta plukka ut til å delta.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
- Elvemuslingen er ikkje daud!
MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





