Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Har lyst å verta oppmuntringskommune

Del | |
MASFJORDEN: Masfjorden vurderer å utnemna seg sjølv til oppmuntringskommune. Men først må politikarane klarleggja litt meir kva dette skal innebera.
Publisert 29.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me vart så oppglødde etter dialogmøtet me hadde onsdag, at me bestemte at me skal vurdera å kalla oss oppmuntringskommune, seier ordførar Håkon Matre til Strilen.
På møtet deltok også humørbonde Geir Styve frå Lindås, og hans bodskap er at oppmuntring er svært viktig for å motivera folk til å gjera sitt beste.

Innhaldet
? Dialogmøtet resulterte mellom anna i at me sende ei oppmuntring til dei tilsette på Knarvik sjukeheim, som har vore litt hardt ute i media i det siste, fortel Håkon Matre.
Ein skal no setja seg ned og prøva å systematisera kva som skal vera innhaldet i ein eventuell oppmuntringskommune.

Alltid positiv
? Det kan til dømes vera at sjølv om me i ei sak må gje eit avslag, skal me likevel ha med ei positiv formulering som kan oppmuntra søkjar til å jobba vidare med saka, seier Matre.
? Men kan ikkje eit slikt tiltak lett verta ein parodi?
? Jau, det har du rett i, og det er difor me vil arbeida meir med saka før me gjer noko formelt vedtak, seier Matre.
Kommunestyret gav ordførar velsigning til å arbeida vidare med saka.

Frøya kommune
Frøya kommune i Sør-Trøndelag har alt begynt å kalla seg oppmuntringskommune, og der har dei oppnemnt ein del oppmuntringsagentar, dette også etter inspirasjon frå Geir Styve.
? Men elles har me ikkje kome så langt, og eg er litt skuffa over at kommunestyret så langt ikkje har gripe fatt i saka, fortel  Jan Otto Fredagsvik til Strilen. Han er leiar for ein organisasjon som kallar seg «Frøya inn i framtida.»
Ideen er at ein alltid skal møta publikum med ei positiv innstilling, og også oppmuntra kvarandre i kvardagen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt