Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Har redda mange unge liv

Del | |
Kåre Ljones (65) gler seg. Kampanjen han starta i 1993, og som UP-lelar Leon Nordanger også har følgd opp, har spart mange unge liv i trafikken, viser ein rapport for 2000-05.
Publisert 14.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? At kampanjen har spart samfunnet for store summar, er eigentleg mindre viktig for meg. Det gledelege er alle dei unge liva og invalidiseringa kampanjen har spart, seier Statens vegvesen sin prosjektleiar Kåre Ljones, som no har busett seg i Juvikstølen igjen.
Det er Transportøkonomisk Institutt som slår fast samanhengen mellom kampanjen «Sei ifrå» og nedgangen i talet på drepne og hardt skadde unge i trafikken. Ein rapport viser heile 25 prosent færre drepne og hardt skadde ungdommar i trafikken i Hordaland og Sogn og Fjordane i åra 200o-05.

UP ein pådrivar
? Leon Nordanger, som bur i Isdalstø, har vore ein pådrivar for å følgja opp kampanjen i Utrykkingspolitiet, seier Ljones. I utgangspunktet går han ut frå at kring 80 prosent av dei unge er mottakelege for informasjon og skikkar seg fint i trafikken. Dei andre set lett sine eigne og andre sine liv i fare, og dei må UP fanga opp og reagera mot.
I tillegg til å spara mange liv, er den samfunnsøkonomiske nytteverdien på heile 400 millionar kroner. I dette tidsrommet er det brukt 7,5 millionar kroner på kampanjen.

Asfaltpengar
«Sei ifrå» har vorte gjennomført i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane frå 1993, med Kåre Ljones som prosjektleiar. Etter å ha jobba i kring 20 år som lærar i Alversund, ønskte han å prøva noko nytt. Jobben i vegvesenet innebar flytting til Leikanger.
? Vegsjef Lars Lefdal var positiv til å starta ein kampanje retta mot unge, men det var ikkje avsett midlar til dette. Men i starten fekk eg lov til å bruka asfaltpengar! seier Ljones.
Seinare ha det vorte auka forståing for å driva informasjon retta mot unge. I tillegg til Sogn og Fjordane og Hordaland, har Ljones også fått ansvar for å driva kampanje i Rogaland. Der var det nokre år stygge tal på unge som vart drepne i trafikken.

Ikkje alt verkar
Kåre Ljones, som vert pensjonist frå 1. juni, er glad for at forsking no viser at slike tiltak verkar. Sjølv legg han ikkje skjul på at nokre organisasjonar har lansert kampanjar som har gjeve stor blest, men så godt som ingen effekt.
? Dette har eg også sagt frå om til dei det gjeld under fire auge. Eg har også fått sjansen til å halda føredrag om effekten i Canada og USA. Det er nemleg sjeldan ein klarer å påvisa effekt av denne typen tiltak, seier Ljones.
Alt i 1999 vart det påvist gode resultat i Sogn og Fjordane. I Akershus, Hedmark og Agderfylka laga vegvesenet sin eigen variant - «Si i fra». Der var hovudvekta lagt på informasjon og skulebesøk. I desse fylka kan ikkje Transportøkonomisk Institutt påvisa nedgang i drepne og hardt skadde unge.
? Det avgjerande ved vår kampanje er samarbeidet med UP, seier Kåre Ljones. Den mindre gruppa med såkalla «verstingar» skal kort og godt lukast ut av trafikken med politiet og spesielt UP sine skjulte kontrollar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt