Har samla inn 418.000 til barneheim
Endret 20.08.07 10:49
? Me håpar å samla inn i alle fall like mykje som i
fjor. Då fekk me inn 204.000 kroner, seier Hanne Bø (18), aksjonsleiar ved
avdeling Juvikstølen.
For tredje år på rad vel Knarvik vidaregåande å samla
inn pengar til barneheimen i Merdekan i Aserbajdsjan.
? I staden for å samla inn til Operasjon Dagsverk
(OD), samlar me inn til denne barneheimen, seier Bø.
Elevane kan velja om dei vil arbeida ein dag, eller
om dei vil gå med bøsser for å samla pengar. Fredag vert dei første
bøsseberarane å sjå i aksjon, og dei vil vera synlege heilt ut i neste veke.
Skulen har mellom to- og trehundre bøsser til disposisjon. Elevane som vel å
arbeida inn pengane vil få høve til det. Tysdag er det aksjonsdag for elevane
på Juvikstølen, og onsdag er det elevane på Kvernhus som skal ut i arbeid.
? Nokon elevbedrifter vel å selja eigne produkt,
andre arbeider heime eller i bedrifter, seier elevinspektør Ove Johannessen.
Involverte
Prosjektet engasjerer elevane, og innsamlingskomiteen
er einige om at nærleiken til prosjektet er avgjerande for engasjementet. Kvart
år får to elevar og ein lærar reisa til Merdekan like utanfor hovudstaden Baku
for å besøka barneheimen.
Republikken ved Kaspihavet var tidlegare
kommunistisk, og slit no med ein overgang frå plan- til marknadsøkonomi.
? Dei har ikkje noko velferdssystem som plukkar opp
dei svake. Første året me besøkte barneheimen, var det berre eit stort, tomt
hus, seier elevrådsleiar Arne-Christian Eide (18).
Han var sjølv med og fekk sjå dei miserable
tilstandane for to år sidan.
? Personalet hadde ikkje opplæring, dei hadde ikkje
nattevakt og eit teppe på golvet fungerte som sanitæranlegg, seier han.
Ser resultat
Knarvik vidaregåande har til saman samla inn 418.000
kroner til barneheimen dei to siste åra, og resultata av gåvene let ikkje venta
på seg.
? Det har vore ei utruleg utvikling. No har dei
mellom anna fått sanitæranlegg og personale med opplæring, seier Hanne Bø, som
har eit sterkt ønskje om å få reisa ned og besøka barneheimen i år.
Kven som får reisa vert avgjord med loddtrekning mellom
dei som gjer ein bra innsats, opplyser Johannessen. Lysta til å halda fram med
arbeidet er uansett tilstades.
? Me har sett at det nyttar, og vil gjerne halda fram
med dette arbeidet, seier Eide.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




