Har tatt 20.000 brunsniglar
Endret 20.08.07 10:49
? Den øydelegg hagen min, og er over alt. Den er vemmeleg, motbydelig, ekkel og umulig å verta kvitt, seier ho.
Likevel heldt ho ut plukkinga, og er no oppe i over 11.500 sniglar.
? I fjor plukka eg 9000, og då telde eg berre dei eg plukka etter 14.juli. I år er det fleire, seier ho.
Den største fangsten på ein kveld i år er 922 brune soldatar.
Kjerringråd
Iberiaskogsniglen, betre kjend som brunsniglen, kom til Noreg som blindpassasjer med plantar frå Nederland for omlag 20 år sidan. Når den først kjem, kjem den med store styrker. Og ingen våpen har så langt hatt avgjerande verknad mot den uthaldande hageplagen.
Mange har gode kjerringråd, plantesentera har giftige middel. Ingunn har pølseklype og varmt vatn.
? Eg spanderer ikkje ein dråpe anna enn varmt vatn, seier ho bestemt.
Ho har ikkje trua på at verken salmiakk eller grønsåpe hjelper, og brukar berre hella kokande vatn over dei for å ta knekkken på dei.
? Om eg skulle bruka for eksempel salt, då ville hagen min vore saltare enn fjorden, og det kan ikkje vera bra, seier ho og ler.
Om ho skulle brukt øl, ville det kosta ein formue. Feller har ho og lite tru på.
? Kor mange måtte eg hatt då?
Legg 400 egg
Ingunn kjem til å plukka sniglar så lenge dei er i hagen, og det ser ut til at ho må halda på ei stund. Brunsnigleproblemet er ekstra stort her på Vestlandet på grunn av det fuktige klimaet som gjev perfekte vektsvilkår for dei brune krypa.
? Det er tull at kalde vintrar drep sniglane, for dei ekle vesena berre gøymer seg og kjem att året etter. Eg ser ingen ende på det, seier ho.
Kvar brunsnigle legg mellom tre hundre og fire hundre egg i løpet av sommarhalvåret. Om ein tar ein brunsnigle om våren, kan ein altså vera heldig å få fire hundre færre om hausten.
? Då eg passerte 10.000 sniglar, fann eg ut at eg hadde plukka ungane til 25 sniglar. Det er ikkje mykje om du tenker på at dei legg 400 egg kvar, seier ho med eit sukk.
Mareritt
Pølseklypene ligg strødd rundt i hagen, og bøttene står på rekke og rad. Nokre med gårsdagens fangst, andre med grønsåpe for å dempa stanken.
? Lukta er ufyseleg, seier Ingunn medan ho samlar to dagars plukkefangst i ei stor bøtte. Underteikna kan skriva under på at lukta er ubeskriveleg vond. Ho grev ned fienden i eit hol i marka eit lite stykke frå huset.
Ho håpar også naboane kan plukka litt snigler framover, og slik vera med å kjempa mot problemet.
Ein av naboane hennar har faktisk hatt mareritt om sniglane, fortel ho.
? Om eg hadde slutta å plukka, hadde nok eg og fått mareritt, fastslår ho.
Kven som går sigrande ut av krigen, vil ein gjerne ikkje få svar på med det første. Men at Ingunn Walde gjer ein iherdig innsats, det herskar det inga tvil om.
Dette kan hjelpa:
Du vert mest sannsynleg ikkje kvitt brunsniglen, men du kan prøva å avgrensa omfanget ved å følgja kjerringråd og prøva deg fram med følgjande:
Hald hagen rein og ryddig.
Sett ut ei skål med øl.
Klipp sniglen i to med saks. Slik kan du hindra at dei formerer seg. Andre brunsniglar vil komma til, og du får lettare tak i fleire. Dei et kvarandre.
Strø salt på jorda der du kastar sniglane du har plukka.
Leska kalk. Skadar slimhinna hjå sniglen slik at dei døyr av uttørring.
Hell kokande vatn over dei.
La dei ligga i plastpose i frysen eitt døger.
Tøm saltoppløysing over dei.
Nematodeparasitter. Små rundormer som øydelegg sniglen sitt fordøyelsessystem.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




