Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Har teke opp tolv tonn olje frå Server

Del | |
GULEN: Berre ved den vesle øya Åra vest for Byrknesøy er det til no teke opp tolv tonn olje etter Server-forliset.
Publisert 28.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Til no har me konsentrert innsatsen om øya Åra mellom Byrknesøy og Røytijnga, fordi den har fått det mest omfattande oljesølet her i kommunen, seier teknisk sjef Magne Instefjord i Gulen kommune til Strilen.
Åra er ei øy med fine badevikar, og er eit populært utfartsområde i sommarhalvåret. Her er mange vikar sterkt ureina av olje, og personell frå Kystverket og frivillige frå kommunen er i full gang med å fjerna olje. Til no er det teke opp tolv tonn, og framleis er der meir. Instefjord fortel at for tida er 19 personar involverte i oppreinskinga der. Instefjord kjenner ikkje til at det er observert oljeskada sjøfugl, men det treng ikkje bety at der ikkje er fugl som har fått olje på seg.

Dingja
Men der er fleire stader i kommunen som har vorte tilgrisa av olje, om ikkje i slikt omfang som på Åra.
? I løpet av veka skal me oppretta eit depot i Dingja, med utstyr til dei som skal delta i oppreinsking i dette området av kommunen, fortel Instefjord.
Utstyret det er snakk om, er verneutstyr, bork til å strø på oljesølet, båtar og liknande.
? I nordre deler av kommunen har me ikkje funne samanhengande område som er tilgrisa slik som på Åra, men mindre strandparti og vikar spreidd rundt omkring, seier Instefjord.

Åtte millionar
Instefjord har kome fram til at oppreinskinga  etter Server-forliset ved Fedje kan kosta kommunen opp mot åtte millionar kroner.
? Det er så langt vanskeleg å seia kor mykje pengar det vert, men det kan verta så mykje, seier Instefjord.
I første omgang er det kommunen som pungar ut, men rekninga vert sendt vidare til staten gjennom Kystverket. Men til sjuande og sist er det forsikringsselskapa til båten som skal betala.
Instefjord reknar med at det vil pågå arbeid fram til påske og kanskje lenger før alt er fjerna.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt