Hard kamp om ingeniørane
Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.
Endret 08.02.12 18:22
– Me treng 200 nye ingeniørar berre i år, kunne Kurt Andreassen i Aker Subsea på CCB-basen på Sotra fortelja, då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert i Bergen tysdag.
Andreassen var invitert for å fortelja korleis dei gode tidene innan oljebasert verksemd slår ut for næringslivet lokalt.
Næringsbarometeret er laga på bakgrunn av spørjeundersøkingar blant bedriftene i Hordaland, for å finna ut kva dei trur om utviklinga utover i 2012.
Olje-optimistar
Undersøkinga viser at optimismen innan oljerelatert verksemd og skipsbygging er på topp.
76 prosent av verksemdene i denne bransjen ventar auka omsetnad i år, og 50 prosent trur dei må tilsetja fleire folk, og det er langt høgare enn i andre bransjar.
Tal frå Nav viser at særleg når det gjeld ingeniørar og fagarbeidarar er talet på ledige jobbar langt større enn talet på ledige personar.
Lønspress
Andreassen var uroa for at kampen om ingeniørane kan føra til lønspress, som i neste omgang kan svekka konkurranseevna.
– Me stel folk frå kvarandre, sa han.
Fullt i 2012
Også Bergen Group, som driv med skipsbygging, først og fremst på Laksevåg, ser optimistisk på 2012.
– Me forventar ein omsetnad på 2,5 milliardar kroner i år. Eigentleg er me ferdige med å planleggja 2012 og jobbar for fullt med 2013, sa informasjonssjef Øyvind Risnes, som er oppvaksen i Austrheim.
Han kunne fortelja at for å dekka sitt behov for arbeidskraft, spesielt ingeniørar, har Bergen Group rekruttert utanlands.
– Me har 30 ulike nasjonalitetar blant ingeniørane, og eg trur det er positivt for arbeidsmiljøet.
Fleire kvinner
– Kvifor prøver de ikkje å trekkja til dykk fleire kvinner som ingeniørar? Det kunne vera med på å løysa noko av problema, meinte Nina Broch Mathisen, direktør for Innovasjon Norge Hordaland.
Ho meinte framstillinga av ingeniøryrket har vore prega av mannlege klisjear som kan ha vore med på å skremma bort kvinner frå yrket.
– Det offentlege åleine klarar ikkje å snu den skeive kjønnsrekrutteringa. Her treng me hjelp frå næringslivet, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen under presentasjonen.
God del kvinner
Kurt Andreassen kunne opplysa at Aker Subsea hadde ein god del kvinnelege ingeniørar, og at dei var svært godt nøgde med dei.
Både Hordaland fylkeskommune og Nav er i gang med tiltak som skal auka utdanninga av ingeniørar og gjera det lettare å koma inn i yrket, vart det opplyst.
Fagfolk
Elles viser undersøkinga at det er færre bedrifter i Nordhordland som klagar på mangel på ingeniørar enn i resten av Hordaland.
Men heile 85 prosent av verksemdene her i regionen klagar på at det er vanskeleg å få tak i dei fagarbeidarane dei har bruk for.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




