Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Havstover kan verta seksjonerte

Del | |
FEDJE: Havstovene ved Kræmmerholmen kan verta seksjonerte og dermed selde, eventuelt tilbakeleigde. Kommunen meiner føremålet strir mot reguleringsplanen.
Publisert 17.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er ingen dramatikk i dette. Me har leigd ein advokat til å fylla ut dei rette skjema for seksjonering. Men Kræmmerholmen held inntil vidare fram som no. Det er ikkje snakk om endring av reguleringsplanen, seier Hans Krossøy på vegner av eigaren.
Eit selskap Krossøy og familien eig i Bergen, står i sin tur som eigar av alle aksjane i Kræmmerholmen.
Kan verta sal
? Førebels er det snakk om ei opprydding i gards- og bruksnummer, seier Krossøy.
Men han nektar heller ikkje for at sal og eventuelt tilbakeleige av havstovene kan verta aktuelt. På direkte spørsmål frå Strilen har Krossøy dette svaret:
? Det har me som eigarar ikkje tatt stilling til enno. Men det er klart at seksjonering opnar for sal og tilbakeleige i sesongen. Det ligg også føre andre planar om reiselivsutvikling på Fedje, og me gjer dette for å kunna stå friare i framtida.

I strid med planen?
Så langt er ikkje spørsmålet om seksjonering ei politisk sak på Fedje.
Men administrativt går kommunen mot at havstovene vert frittståande einingar som fritt kan seljast. Det går fram av eit ferskt brev frå teknisk sjef Øyvind Tolleshaug til Advokatfirmaet Vikse AS. «Eg vurderer det slik at føremålet med seksjoneringa er i strid med reguleringsplanen», skriv Tolleshaug.
? Dette er ei mistyding ettersom seksjoneringa berre er teknisk og ikkje inneber endring av reguleringsplanen. Kommunen har fått ei tilbakemelding om dette, seier Hans Krossøy.
Teknisk sjef Tolleshaug seier at han ikkje er nokon ekspert på seksjonering. Han er difor usikker på om dette vert ei politisk sak.

Raude tal
Når Hans Krossøy ønskjer å seksjonera for å stå fritt, viser han også til mange år med underskot for Kræmmerholmen.
? I 2005 vart underskotet 330.000 kroner, året før 181.000. Det er ikkje så veldig lurt å halda fram med raude tal på denne måten, seier Krossøy.
Han argumenterer for at ei dobling av talet på havstover, slik det var søkt om, kunne ha retta opp den økonomiske drifta.
? Men dette sa politikarane neit til, utan at eg enno skjønar kvifor, seier Krossøy.
? Kan det verta aktuelt å prøva med ein ny søknad om utviding?
? Nei, det ser eg som tvilsamt.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt