Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Heime etter fire år på alle hav

Del | |
LINDÅS/BERGEN: Marit Midtgård frå Hillesvåg hadde grunn til å smila då ho steig på land i Bergen, sjølv om regnet hølja ned. Saman med Frode Nygård Knutsen var ho ho heime att etter fire års seglas på alle verdshava. ? Det vert kanskje nye turar, men ikkje heilt med ein gong,seier lindåskvinna.    Side 10
Publisert 30.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Akkurat no er det berre veldig kjekt å vera heime att, smiler Marit Midtgård frå Hillesvåg i Lindås. Ho har vore på jordomsegling i ein 30 fots seglbåt saman med bergensaren Frode Nygaard Knutsen. Då turen starta, hadde ho aldri vore ute på ope hav før, men ho vender tilbake som fullbefaren sjøulk.
Seglbåten Petrell kom seglande inn Vågen fredag ettermiddag flankert av to andre seglbåtar i ekte Bergensver.
På Shetlands-Larsens brygge var det oppstilt ein velkomstkomité med familie og vener, utstyrte med norske flagg, ballongar og banner. Dei trossa eit ekstremt regnver for å ta i mot jordomseglarane. Men ikkje alle var så spente på heimkomsten som ein kunne tru etter fire år borte.
? Det er klart det er kjekt at dei kjem heim, seier mor til Marit, Ingrid Midtgård.
? Men me har juksa litt, og snikmøtte ho for nokre dagar sidan på Stord. Då me fekk melding om at dei var på veg, kasta me oss i båten og drog ned og trefte dei der.

Reiseruta
Sidan S/Y Petrell segla frå Bergen har ho mellom anna vore innom Skottland, Portugal, Brasil, Fransk Guyana, Panama, Galapagos, Tahiti, Fiji, New Zealand, Australia, Madagaskar, Sør-Afrika, Brasil igjen og Karibien før ho vende tilbake til Bergen.
Undervegs har dei hatt besøk av familie og vener, og dei har tatt lengre opphald for å jobba.

Naturopplevingar
? Det som har gjort mest inntrykk på turen, er alle dei hyggelege folka me har møtt. Dei har tatt godt imot oss, og gjeve oss mat og vatn og det me har trengt, fortel Marit.
Men også naturopplevingane har gjort inntrykk. Marit og Frode har opplevt eit rikt dyreliv både på land og til sjøs. Lemurar, nashorn, Galapagos-skilpadder og dugongar er berre nokre få eksempel på alt dei har sett.
? Snorkling og dykking etter perler i Stillehavet var flott, seier Marit, som fekk utbytte av perledykkinga.

Vil på tur igjen
Sjølv om fire år er lenge å vera vekke, har ikkje Marit mista smaken på reising.
? Eg dreg gjerne ut igjen. Kanskje ikkje heilt med det same, men det vert heilt sikkert noko. Det finst jo andre turar enn jordomseglingar òg.
No må Marit og Frode venna seg til livet i heimlandet igjen.
? No må eg skaffa meg jobb, seier Marit, som er utdanna sosionom, men som enno ikkje har fått praktisert det i jobbsamanheng.
? Og så må me koma i hus, grava fram alle tinga me har skaffa oss på turen og ta oss av båten.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt